Brave av Marillion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brave
Studioalbum av Marillion
Språk engelsk
Utgjeve 7. februar 1994
Innspelt Marouatte-borga, Frankrike, november 1992 - august 1993
Sjanger Progressiv rock
Lengd 71:08
Selskap EMI (Europa)

I.R.S. Records (USA)

Produsent Dave Meegan
Kritikk
Marillion-kronologi 
A Singles Collection
(1992)
Brave Afraid of Sunlight
(1995)


Brave er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Marillion. Albumet vart utgjeve i februar 1994.

Etter det relativt poppa albumet Holidays in Eden valde Marillion ein meir progressiv stil for Brave. Songar Steve Hogarth lét seg inspirere av ei sak han hadde høyrt på radio, der politiet hadde teke hand om ei jente som vart funne gåande på motorvegbrua over elva Severn. Jenta ville eller kunne ikkje gjere reie for seg, og politiet gjekk ut i media for å prøve å finne ut kven ho var. I tillegg til fleire tekster frå John Helmer skreiv Steve Hogarth tekster inspirert av dette «mysteriet».

Plateselskapet EMI ynskte å få plateinnspelinga unnagjort raskt, men i staden tok skrive- og innspelingsprosessen særs lang tid, trass i at gruppa fekk fleire tekster ferdigskriven frå John Helmer. Skriveprosessen byrja i det dåverande øvingsstudioet til Marillion (no hovedstudio) The Racket Club i Aylesbury i november 1992. Frå februar 1993 fortsette skrive- og innspelingsprosessen på slottet Marouatte i Dordogne i Frankrike. Gruppa arbeidde sakte men intenst, all improvisasjon vart teke opp, og produsent Dave Meegan høyrde igjennom absolutt alt råmaterialet for å finne delar av musikk som kunne brukast i songane som vart komponert. Sjølv etter mange månadar med arbeid i slottet stod mykje innspelingsarbeid igjen, og innspelinga vart fullført i Parr Street Studios i Liverpool hausten 1993.

Trass i det enorme arbeidet med albumet vart ikkje Brave noko storseljar. Dette skuldast delvis den progressive musikkstilen og at albumet mangla songar med klårt hitpotensiale, men òg at plateselskapet gjorde ein dårleg jobb med å marknadsføre albumet. Men Brave vart likevel populær blant den mest dedikerte fansen til Marillion, og blir av mange fans sett på som det beste albumet deira etter at tidlegare songar Fish slutta i bandet.

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, men ingen av dei selde noko særleg. «The Great Escape» vart utgjeve i januar 1994. «The Hollow Man» kom i mars, og nådde 30. plass på singellista.[3] «Alone Again in the Lap of Luxury» kom ut i april. Albumet Brave nådde 10. plass på albumlista i februar 1994.[4]

I februar 1995 kom ein kort spelefilm basert på albumet Brave. Filmen var regissert av Richard Stanley, og innehalde mykje av musikken frå albumet. Filmen vart utgjeve på DVD i august 2004.

I 1995 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av BraveThe Making of Brave. Denne demo-samlinga har seinare vorte gjeve ut på ny fleire gonger, og vart den første i ei rekkje med samlingar av demo-material frå innspelinga av albumet.

Brave vart utgjeve i remastra utgåve i oktober 1998, med ein bonus-CD med alternative versjonar, B-sider og demoversjonar. Det remastra albumet er òg utgjeve utan bonus-CD-en. Dei to B-sidene «Marouatte Jam» og «Winter Trees» var, med unntak av demoversjonar, dei einaste heilt instrumentale låtane Marillion hadde gjeve ut fram til spora «Liquidity» på albumet Happiness is the Road i 2008. Bonus-CD-en inneheld òg den såkalla «spiral remake»-versjonen av songen «The Great Escape». Den versjonen var med på LP-utgåva av Brave, som ein alternativ slutt på albumet, i tillegg til den ordinære slutten.

Musikken frå Brave finst i heilskapen sin på konsertalbumet Made Again (utgjeve 1996) og Brave Live 2002 (utgjeve 2003, òg på DVD).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Hogarth; all musikk er komponert av Steve Hogarth/Steve Rothery/Mark Kelly/Pete Trewavas/Ian Mosley.

Nr.TittelLengd
1.«Bridge»2:52
2.«Living with the Big Lie»6:46
3.«Runaway»4:41
4.«Goodbye to all That
  1. Wave
  2. Mad
  3. The Opium Den
  4. The Slide
  5. Standing in the Swing»
12:26
5.«Hard as Love»6:42
6.«The Hollow Man»4:08
7.«Alone again in the Lap of Luxury
  • Now wash your hands»
  • 8:13
    8.«Paper Lies»5:49
    9.«Brave»7:54
    10.«The Great Escape
  • The last of you
  • Falling from the moon»
  • 6:29
    11.«Made Again»5:02
    Bonusspor 1998-utgåva
    Nr.TittelLengd
    1.«The Great Escape» (orkesterversjon)5:18
    2.«Marouatte Jam»9:44
    3.«The Hollow Man» (akustisk)4:10
    4.«Winter Trees»1:47
    5.«Alone Again in the Lap of Luxury» (akustisk)2:43
    6.«Runaway» (akustisk)4:27
    7.«Hard as Love» (Instrumental)6:48
    8.«Living with the Big Lie» (Demo)5:12
    9.«Alone Again in the Lap of Luxury» (Demo)3:17
    10.«Dream Sequence» (Demo)2:36
    11.«The Great Escape» (Spiral Remake)5:48

    Medverkande[endre | endre wikiteksten]

    Lister[endre | endre wikiteksten]

    Album

    År Liste Plassering
    1994 UK Album Chart 10[5]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. Jensen, Dale (2011 [last update]). «Brave - Marillion | AllMusic». allmusic.com. Henta 11. september 2012. 
    2. Sander, Ed (2011 [last update]). «DPRP : Counting Out Time : Marillion - Brave». dprp.net. Henta 11. september 2012. 
    3. everyhit.com
    4. everyhit.com
    5. «Liste Stats - Marillion - Brave». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 11. september 2012.