The Brazz Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brazz Brothers)
The Brazz Brothers

OpphavNoreg
Aktiv1981-
SjangerJazz
PlateselskapBrazzRecords
MedlemmerJarle Førde
Jan Magne Førde
Helge Førde
Runar Tafjord
Stein Erik Tafjord
Marcus Lewin
Tidlegare medlemmerEgil «Bop» Johansen
PrisarMøre og Romsdal fylkes kulturpris, Sildajazzprisen

The Brazz Brothers, eller Brazz Bros på folkemunne, frå Langevåg på øya Sula utanfor Ålesund, er med åra blitt ein reisande musikkinstitusjon i jazz, som er kjend for ei musikkform sterkt prega av improvisasjon.

Bakgrunn og historie[endre | endre wikiteksten]

Mindor Førde, far til Førde-brørne, har sagt at utan Tafjord-ulukka i 1934 hadde det ikkje vore noko Brazz Brothers. Innbyggjarane vart tvungne til å flytte, og på Langevåg grodde det fram eit rikt musikkliv.[1]

Gruppa blei skipa av brørne Jarle, Jan Magne og Helge Førde og Runar og Stein Erik Tafjord i 1981 som ein rein messingkvintett i samband med nyårskonserten til Langevåg Musikkorps.[2]. Desse hadde spelt saman i Langevåg Skulekorps, og Jarle, Helge og Stein Erik hadde allereie opptredd som del av Ytre Suløens jazzensemble i 1976Jazz & Heritage Festival i New Orleans, USA, som første norske jazzband.

Brazz Brothers hadde ei rekke forløparar i musikkmiljøet på Langevåg. Det var band som Manjanas, som tidleg var inspirert av Herb Albert, seinare utvikla til meir jazzrock med komp, vokal og full blåserekkje. Andre musikkgrupper var By og land - hand i hand, Jan Magne Førde si gruppe Bjarne med fela og Runar Tafjord si gruppe Chaos.[3]

I 1985 blei trommelegenda Egil «Bop» Johansen (1934–1998) medlem av gruppa, og saman spelte dei over 1 200 konsertar. Etter bortgangen hans blei Marcus Lewin frå Eskilstuna, Sverige ny trommeslagar.

I 1986 starta innspelinga av deira første album, Brazzy Landscapes, som var byrjinga på ei unik musikkhistorie. Plata bestod av gruppa sine eigne komposisjonar og arrangement med song frå den britiske songaren Phil Minton.

Musikken dei speler er ei unik blanding av tradisjonell og moderne jazz og folkemusikk frå ulike delar av verda, med sterk representasjon av den skandinaviske folkemusikktradisjonen.

Gruppa har spelt og gjeve ut ei rekkje plater saman med store legender og mindre kjende, men dyktige musikarar. Dei har turnert i både inn og utland. Dei har turnert i USA, Afrika, Asia og store delar av Europa, og held over 120 konsertar i året. Alle medlemmene har òg gjort ei rekkje soloprosjekt.

Kurs[endre | endre wikiteksten]

Mange skulekorpsmedlemmer over heile Noreg har fått stifte kjennskap med gruppa gjennom kursa deira i å lære å spele utan notar, som gruppa held både for nybegynnarar, vidarekomne, profesjonelle og musikklærarar i både inn- og utland.[4]

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 Brazzy Landscapes
  • 1989 Live at Oslo Jazz House
  • 1992 Norwegian Air
  • 1993 AfroBrazz
  • 1994 All Included
  • 1995 Julefergå
  • 1996 The Brazz Brothers and Dutch Marine Band | Brazzy Voices
  • 1997 Roll Tide Roll
  • 1998 New Orleans Parade | Towards The Sea
  • 1999 Ngoma
  • 2000 Aftenvind
  • 2001 Aquarium
  • 2003 Live in Cape Town
  • 2004 African Marketplace | Rosalina
  • 2007 Vågåblot

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ottar André Anderson og Veslemøy Østrem (2001). The Brazz Brothers. Det var ein gong ei øy. Cantendo Musikkforlag AS. ISBN 82-92494-05-7. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Brazz Brothers s. 14
  2. The Brazz Brothers s. 31
  3. The Brazz Brothers s. 20-21
  4. The Brazz Brothers s. 144-147