Brean Down

Koordinatar: 51°19′32″N 3°01′44″W / 51.3256°N 3.0290°W / 51.3256; -3.0290
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brean Down
fjell
Brean Down from Steep Holm
Land  England
Område Mendip Hills
Høgd 97 moh moh.
Primærfaktor 91 m m
Koordinatar 51°19′32″N 3°01′44″W / 51.3256°N 3.0290°W / 51.3256; -3.0290
Kart
Brean Down
51°19′32″N 3°01′44″W / 51.3256°N 3.029°W / 51.3256; -3.029
Wikimedia Commons: Brean Down

Brean Down er eit nes utanfor kysten av Somerset med ei høgd på 97 meter over havet. Det strekkjer seg 2 km utover i Bristolkanalen på austsida av Bridgwater Bay mellom Weston-super-Mare og Burnham on Sea.

Det består av kalkstein og er ei fortsetjing av Mendip Hills og held vidare fram som dei to småøyane Steep Holm og Flat Holm.

Neset er eigd av National Trust og er rikt på dyreliv, historie og arkeologi. Staden er erklært ein stad av særleg vitskapleg interesse.[1] Det er bratte klipper rundt neset og her ligg Brean Down Fort frå 1865.

Det er funne spor etter ein heidensk heilagdom på Brean Down frå førromersk tid.[2]. Dette vart av romarane omgjort til eit tempel på midten av 300-talet og truleg seinare omgjort til eit kristent bedekammer.[3]. Det er òg spor etter eit åsfort frå jernalderen.[4]

Brean Down Fort vart bygd på neset mellom 1864 og 1871. Det var det sørlegaste i forsvarsrekkja langs Bristolkanalen og verna tilkomsten til Bristol og Cardiff. Fortet vart oppgradert under den andre verdskrigen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brean Down» (PDF). English Nature. Henta 16. januar 2010. 
  2. Dunning, Robert (1983). A History of Somerset. Chichester: Phillimore & Co. ISBN 0-85033-461-6. 
  3. Aston, Mick; Burrow, Ian (1982). The Archaeology of Somerset. Taunton: Somerset County Council. 
  4. Adkins, Lesley og Roy (1992). A field Guide to Somerset Archeology. Stanbridge: Dovecote press. ISBN 0946159947. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]