Brearve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brearve


Cerastium-cerastoides.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Caryophyllaceae
Slekt: Cerastium Arvar
Art: C. cerastoides
Vitskapleg namn
Cerastium cerastoides

Brearve er ei urt i nellikfamilien. Planta vert kring 1 dm høg. Liggjande stengel med opprette greiner, stundom med litt hår øvst. Snaue lysgrøne blad. Ei stripe med hår på blomsterskaftet. Kapselen dobbelt så lang som begeret. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. I Noreg veks han i alle fjelltrakter og blomstrar kring juli månad på våte stader og snøleger. Brearven er funnen opp til 2040 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]