Breathe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breathe
Song av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
Utgjeve 17. mars 1973
Innspelt Juni 1972 - januar 1973
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:47
Låtskrivar(ar) David Gilmour, Roger Waters, Richard Wright

«Breathe»[1] er ein song av det britiske bandet Pink Floyd frå albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen har sakte tempo og fyldig struktur med David Gilmour sin slidegitar og vokal over fleire spor med dempa og varm klang. Ein meiner at songen representerer fødsel. Teksten, som er skriven av Roger Waters, bed lyttaren om å ta ein pause i det tilsynelatande endelause arbeidslivet og leggje merke til meir meiningsfulle syslar i livet.

Long you live and high you fly
And smiles you'll give and tears you'll cry
And all you touch and all you see
Is all your life will ever be.

Roger Waters (1973)

Songen startar direkte frå «Speak to Me», og på enkelte utgåver av albumet er begge desse første spor på plata. Derfor vert dei ofte spelte i lag på radio.

Breathe (Reprise)[endre | endre wikiteksten]

Ein reprise av songen kjem etter «Time» på albumet. Han er på same spor som «Time», og vert derfor ofte oversett som ein del av plata. Reprisen er meir eller mindre identisk til første versjonen, men med eit tredje vers. I tillegg er han ikkje like «rundt i kantane», som «Breathe».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt på Live 8-konserten og her vart «Breathe» og «Breathe (Reprise)» kombinert til ein song, noko Pink Floyd aldri har gjort før.
  • På Roger Waters si soloplate In the Flesh: Live er songen sungen av Doyle Bramhall og Jon Carin.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Songen vert kalla «Breathe in the Air» på 20-årsjubileumsutgåva av The Dark side of the Moon og på film-utgåva av Pulse