Bredemd sjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laminert leirstein frå bresjøen Missoula i Montana.

Ein bredemd sjø eller bresjø eller ein sjø som er demd opp av ein isbre. Dei vert ofte danna i sidedalane til ein isbre, mellom isen og fjellet, men dei kan òg dannast i senkingar oppå sjølve isen, men er då som regel små. Om dei vert danna under isen i store senkingar vert dei kalla subglasiale sjøar. Subglasiale sjøar er vanlege på Island der varmen frå dei vulkanske områda smeltar breen på undersida.

Om isen kollapsar slik at dei bredemde sjøane vert raskt tømde, kan det føre til katastrofale flaumar. På Island vert slike uttømingar kalla jøkulhlaup, og har ofte ført til øydeleggingar på vegar og bruer. I Noreg har ein òg tidlegare hatt bresjøar som har ført til farlege flaumar, mellom anna Brimkjelen ved Jostedalsbreen og fleire sjøar under Svartisen. Den mest kjende bresjøen i Noreg er Demmevatnet som vert demd opp av ein vestleg utløpar av Hardangerjøkulen, Rembesdalskåki. Vasstrykket frå sjøen løfta opp breen og rann under isen og medførte alvorlege flaumar i Simadalen, mellom anna i 1893 og 1937. Etter flaumen i 1893 vart det bygd ein tappingstunnel gjennom fjellet for å hindre vasstande i å verte stor noko til å skape flaum.

Under den siste istida vart det danna særs store bredemde sjøar. Dei kunne ligge mellom isskiljet og hovudvasskiljet eller danna lange uregelmessike råk langs dalsidene. Ein har funne strandlijer og terrassar (seter) med sand og silt (kvabb) frå slike sjøar nord i Gudbrandsdalen og Østerdalen. Jutulhogget vart til dømes grave ut av vatnet frå ein stor sjø, Nedre Glomsjø, i Østerdalen som flauma over i Tylldalen.

Bredemde sjøar gjev hovudsakleg grus og finmateriale kalla kvabb som avsetningar. Kvabb er eit særs fruktbar jordsmonn og er mellom anna kjend frå Red River Valley i Nord-Dakota i USA. Kvabb i Noreg ligg som regel for høgt til at han kan nyttast som dyrkingsjord i stort omfang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«bredemt sjø» i Store norske leksikon, snl.no.