Bregenzerwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bregenzerwald er eit av hovudområda i delstaten Vorarlberg i Austerrike.

Her renn det mellom anna ei elv kalla Bregenzer Ach. Innbyggjarane i området deler ofte Bregenzerwald i to område, Vorderwald og Hinterwald. Vorderwald, med åsar og lågare fjell, er nærast Rhinedalen. Hinterwald har høgare fjell med høgder opp til 2 000 meter. Dei to områda har sine eigne særeigne dialektvariantar. Geologisk er Bregenzerwald ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane, særleg den nordlege flysjsonen.

Dei største landsbyane i Bregenzerwald er Bezau, hovudstaden i regionen, Alberschwende, Schwarzenberg, Bizau, Mellau, Au og Egg.

Dei fleste som bur i området arbeider anten innan turisme eller jordbruk, men på grunn av auka jobbtilbod i Rheintal har jordbruket minka dei siste åra.

Bregenzerwald er mest kjend som ein vintersportsstad, men her finn ein òg «Osteruta Bregenzerwälder» eller songfestivalen «Schubertiade» i Schwarzenberg. Bregenzerwald har mykje urørt natur, gamle tradisjonar og er eit gjestfritt område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]