Bregnesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bregnesongar

Status i verda: LC Livskraftig

BregnesongarLitografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Bregnesongar
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Locustellidae
Slekt: Megalurus
Art: M. punctatus
Namn på andre språk
  • Maori: Kōtātā eller Mātātā
  • Engelsk: Fernbird
  • Bokmål: Bregnesanger
Vitskapleg namn
Megalurus punctatus
Quoy & Gaimard, 1830

Bregnesongar, Megalurus punctatus, er ein sporvefugl og medlem av den biologiske familien Locustellidae, fuglar som tidlegare var plassert i songarfamilien, Sylviidae. Artsnamnet på maori er Kōtātā eller Mātātā. Denne arten er endemisk til New Zealand og lever på begge hovudøyane, på Stewart Island/Rakiura og på øyar nær sistnemnde, slik som Snares-øyane og Codfish Island. Det typiske levemiljøet deira er i kratt, blant bregnar eller i takrøyrbelte ved våtmark eller ved tidevassona.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bregnesongaren har fjørdrakt med varmbrun overside, lys strupe, bryst og underside med tette, brune striper og mørke flekker. Krona og framhovudet er nøttebrune og dei har ei karakteritisk, lang, lys augebrynstripe. Halefjørene er lange, tynne og bustete. Dette er ein sporvefugl med lengd på 18 centimeter der halen gjer ut for halvparten, og vekta er ca. 35 gram.

Bregnesongarar er standfugl og paret vernar eit territorium vår og sommar, dei flyg dårleg, helst berre over korte avstandar inne i skjul av vegetasjon. Om dei må flyge meir opent, skjer det lågt med halen hengande ned. Lætet er typisk eit dobbelt lågt og kort metallisk 'uu-tikk', gjerne i duett med hoa. Anna læte kan vere klikking i serie og jamvel meir melodisk song.

Paret vev eit fint koppforma reir av tørr vegetasjon og er fôra med fjører, reiret er skjult i vegetasjon lågt over bakken eller vassflata. Hoa legg 2-4 egg som paret rugar i ca. 13-16 dagar. Ungane kan flyge etter 15-21 dagar og kan formeire seg etter 9 månader.

Leveområdet er over det meste av Nordøya, unntatt i søraust, vidare langs vestkysten av Sørøya sør til Hollyford Valley lengs nord i Fiordland, så langs austsida av fjella i Fiordland til sørlege Southland District, aust og nord til Dunedin. Han lever òg på Stewart Island/Rakiura og småøyar. Han kan gå opp til 1000 moh.

Bregnesongarar beitar i låg vegetasjon eller nede på bakken og dietten er ulike insekt, på Snaresøyane har dei lært å sitte på sjøpattedyr som ligg på stranda og fangar insekt derfrå.

Populasjonen forsvann på søraustre Nordøya og austlege Sørøya på 1800-talet etter øydelegging av habitat og innføring av predatorar. Storleiken av bestanden er ikkje kjent, men arten er vanleg mange stader på Nordøya, men spreidd, han reknast ikkje som trua og populasjonen er aukande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2012) Species factsheet: New Zealand Fernbird Bowdleria punctata (LC). Henta frå http://www.birdlife.org den 29. september 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bregnesongar