Breiøyre
| Breiøyre | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Flaggermus | |
| Familie: | Glattnasefamilien | |
| Slekt: | Barbastella | |
| Art: | B. barbastellus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Barbastella barbastellus | ||
Breiøyre, Barbastella barbastellus, er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko. Ho er ganske sjeldan i det meste av dette området og lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Ho er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der.[1] Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik. Arten har seinare vore registrert der fleire gonger. Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.[2]