Breinebbkvalfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breinebbkvalfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Broad billed prion.jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pachyptila
Art: P. vittata
Vitskapleg namn
Pachyptila vittata
G. Forster, 1777

Breinebbkvalfugl, Pachyptila vittata, er ein kvalfugl i stormfuglfamilien som lever ved øyar i Sør-Atlanteren og ved sørlege New Zealand.

Breinebbkvalfuglar har blågrå overside samt lys eller kvit underside. I flukt er ein mørk 'M'-forma figur over venger og rygg synleg, typisk for kvalfuglar. Dei har eit smalt, mørkt haleband, og eit tydeleg kvitt augebryn i kontrast mot eit relativt mørkt hovud. Dette er den største kvalfuglen, ca. 28 cm i koppslengd og 200 gram i masse.[1]

Dei plukkar det meste av føda frå havoverflata, først og fremst hoppekreps (copepodar) og anna planktoniske krepsdyr, men òg småfisk og blekksprut. Dei minste byttedyra blir silt ut gjennom lamellene inne i overnebbet. Breinebbkvalfuglar kan òg gjere grunne dukk for å fange byttet.Dei kan gjerne samle seg i flokkar under beiting.[1]

Hekkekoloniane ligg på øygruppa Tristan da Cunha i Sør-Atlanteren, rundt sørlege New Zealand inkludert i Fiordland, og på Chatham-øyane sør for New Zealand.[2] Dei er stasjonære, men unge fuglar kan vandre nord til områda ved Australia og Sør-Afrika. På New Zealand hekkar dei i løpet av den australske våren og sommaren, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 100 dagar.

Verdspopulasjonen var estimert til 15 millionar i 2004,[2] og er rekna å vere minkande grunna introduserte predatorar som kattar og rotter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]