Breisgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av Breisgau

Breisgau er eit landskap i Baden-Württemberg i Tyskland.

Breisgau høyrte til først til hertugane av Zähringen og kom etter hertugfamilien døydde ut i 1218 til markgrevane av Baden, og delvis til grevane av Kyburg og Urach. Gjennom den siste greven av Kyburg si arvedotter Hedvigs sitt giftarmål med kong Rudolf av Habsburg sin far kom ein del av Breisgau til huset Habsburg, som 1340 greven av Urach kjøpte hovudstaden Freiburg av og etter kvart erverva nesten heile landet, slik at Baden berre hadde nokre små delar att. I freden i Lunéville 1801 avstod Austerrike Breisgau til hertugen av Modena, og etter han døydde i oktober 1803 gjekk det vidare til svigersonen hans, erkehertug Ferdinand av Austerrike. I freden i Pressburg (Bratislava) 1805 måtte han avstå området til Baden og Württemberg, og fekk som erstatning i 1810 ein del av Baden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]