Breithorn
-
Denne artikkelen handlar om fjellet i Wallis-Alpane. For andre fjell, sjå Breithorn (fleirtyding).
[[Kategori:Feil i uttrykket: Uventa operatør, <m-toppar i Sveits]] [[Kategori:Feil i uttrykket: Uventa operatør, <m-toppar i Italia]]
| Breithorn | |
| fjell | |
|
Breithorn sett frå Klein Matterhorn
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Wallis-Alpane |
| høgd | 4 164 moh |
| skardhøgd | 429 m ↓ ↓ Monte Rosa |
| dominans | 4,6 km → → Castore |
| koordinatar | |
| Lettast tilkomst | Enkel is/snøklatring |
| Førstestiging av | Henry Maynard, Joseph-Marie Couttet, Jean Gras, Jean-Baptiste Erin, Jean-Jacques Erin. |
| - dato | 1813 |
Breithorn er ein stort sett bredekt del av Alpehovudkammen som ligg i Wallis-Alpane på grensa mellom kantonen Valais i Sveits og regionen Aosta i Italia.
Breithorn-kammen har fem markante toppar. Den høgste og lettast tilgjengelege er Vesttoppen (Westgipfel). Vidare mot aust ligg Midttoppen (Mittelgipfel) og dei to Breithorn-tvillingane (Zwillinge). I aust endar Breithorn med Schwarzfluh (Roccia Nera).
Av fjella i Alpane på over 4 000 meter vert Westgipfel rekna som det enklaste fjellet å nå toppen av. Dette kjem av at kabelvogna opp til Klein Matterhorn tar klatrarane opp til eit utgangspunkt på 3 870 m. Standardruta frå sørvestsida går over eit isbreplatå før klatringa til sjølve toppen startar.
Breithorn vart først klatra i 1813 av Henry Maynard, Joseph-Marie Couttet, Jean Gras, Jean-Baptiste og Jean-Jacques Erin.
Litteratur [endre]
- Helmut Dumler und Willi P. Burkhardt: Viertausender der Alpen. Bergverlag Rother, München 2001, ISBN 3-7633-7427-2.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Breithorn på Peakware - bilete
- Breithorn på 4000er.de
- Virtuell klatring på Breithorns med 360°-panorama
- Breithorn, turberetningar og fotos
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Breithorn frå Engelsk Wikipedia .