Breitt dunkjevle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breitt dunkjevle


Foto: Kjetil Lenes
Breitt dunkjevle i våt grøft
Foto: Kjetil Lenes

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Typhaceae
Slekt: Typha
Art: T. latifolia
Vitskapleg namn
Typha latifolia

Breitt dunkjevle (Typha latifolia) er ei av to norske plantar i dunkjevlefamilien (Typhaceae). Det er ei fleirårig vassplante som kan bli to meter høg, og veks i tjørn og grøfter. Ho har smale (2 cm) blad og både hoaks og hanaks på same planta. Hoakset er den mørke kjevla, hanakset den lyse dusken øvst. Blada kan bli høgare enn akset. Den mest synlege skilnaden på breitt dunkjevle og smalt dunkjevle er at han- og hoaks går i kvarandre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.