Breivikbotn
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Hasvik | |
| Fylke | Finnmark | |
| Folkemengd[1] | 298 (2012) | |
| Folketettleik | 745 /km² | |
| Areal[1] | 0,4 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 882 | |
| Postnummer | 9593 BREIVIKBOTN | |
| Preposisjon | i Breivikbotn | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Breivikbotn (nordsamisk: Goahtečorru) er adminstrasjonssenteret i Hasvik kommune i Finnmark. Tettstaden ligg vest på Sørøya, ved Breivikfjorden som er ein del av Lopphavet. Frå Breivikbotn går Riksveg 882 sørover til tettstaden Hasvik, og derfrå er det ferjesamband til Øksfjord i Loppa kommune. Mellom Breivikbotn og Sørvær lenger nordvest på øya går det fylkesveg.
Det er barnehage og barneskule på staden og Honningsvåg fiskarfagskole og videregående skole har filial i Breivikbotn.
Breivikbotn er eit fiskevær som ligg værhardt til utan noko naturleg ly frå Lopphavet, og det er bygd ein kraftig molo til å verne hamna. På seinvinteren og våren vert det såkalla «Breivikfisket» drive i Breivikfjorden, og då kjem det båtar frå fjern og nær til området. Breivikfjorden vert kalla «Lille Lofoten» på grunn av det rike fisket.
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.