Brekke
| Brekke ved Risnefjorden | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Gulen | |
| Fylke | Sogn og Fjordane | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | Fv1 Fv2 | |
| Postnummer | 5961 BREKKE | |
| Preposisjon | i Brekke | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Brekke er ei bygd i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Brekke har tidlegare òg vore sjølvstendig kommune. Bygda ligg langt ute på vestsida av Risnefjorden, på sørsida av Sognefjorden, knappe fire mils køyring austom kommunesenteret Eivindvik, og 14 kilometer frå ferjestaden Oppedal på Europaveg 39. Brekke skule er barne- og ungdomsskule for Brekke skulekrins som dekkjer austlegaste delen av kommunen.[1] Bygda har òg daglegvarebutikk, kyrkje og eldresenter. Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg i området, mange har arbeidet sitt på fiskeslakteriet i Instefjord inst i Risnefjorden og på oppdrettsannlegga.
Brekke er òg eit delområde og ein grunnkrins i Gulen kommune. Delområdet femner den austre delen av kommunen og er deld inn i fire grunnkrinsar. Dei er frå aust til vest; Oppedal, Asheim, Brekke og Hjartholm. Ved folketeljinga i 2001 budde det tilsaman 344 personar i delområdet, fordelt på 61 i Oppedal krins, 54 i Asheim krins, 151 i Brekke krins og 78 i Hjartholm krins.[2]
Innhaldsliste |
Samferdsle [endre]
Fylkesveg 1 i Sogn og Fjordane går vestover langs fjorden frå Europaveg 39 i Instefjord inst i Risnefjorden til ferjestaden Rutledalen der vegen møter Riksveg 57. Frå Instefjord går Europaveg 39 nord til ferjestaden Oppedal der det går ferje over Sognefjorden til Lavik. Ferjesambandet vart opna i 1955, då gjekk ferja frå Instefjord. Frå 1960 gjekk ferja innom både Instefjord og Brekke, og mellom 1970 og slutten av 1980-talet var det Brekke aleine som var ferjestad på sørsida av sambandet. På slutten av 80-talet vart ferjekaien flytt til Oppedal. Dette gjorde ein for å korte ned ferjetida.[3]
Fylkesveg 2 i Sogn og Fjordane går frå Brekke sørvestover til fylkesgrensa mot Hordaland. Vegen fortset på hi sida av fylkesgrensa som Fylkesveg 376 i Hordaland og gjev samband med Riksveg 570.
Kulturminne [endre]
Våningshuset Lovisendahh i Brekke frå 1760 står på Riksantikvarens fredningsliste (1988). Hovudbygningen vart freda i 1923. Lovisendahl er frå gamalt av embetsmannshus, men har seinare vore nytta både som skule, lærarbustad og paktarbustad.
Naustmiljø i Brekke er kulturminne.
Tidlegare Brekke kommune [endre]
Brekke var eigen kommune i to vender, fyrst frå 1850 til 1861 og så frå 1905 til 1964. I åra mellom var Brekke del av kommunen Lavik og Brekke.
Brekke kommune vart skipa i 1850 ved at Evenvik kommune (som seinare skifte namn til Gulen) vart delt i to. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke kommune.[4] Brekke var eigen kommune fram til 1861 då han vart slegen ihop med Lavik kommune på nordsida av Sognefjorden. Den nye kommunen fekk namnet Lavik og Brekke. Ved samanslåinga budde det 898 personar i Brekke kommune. [5] Lavik og Brekke kommune bestod fram til 1905 då både Brekke og Lavik vart sjølvstendige kommunar att. Ved delinga budde det 982 personar i Brekke kommune.[6] Den andre bolken for Brekke som sjølvstendig kommune varde til og med 1963. 1. januar 1964 vart Brekke ein del av Gulen kommune. Ved samanslåinga budde det 782 personar i Brekke kommune.[7] Før kommunesamanslåingane på 1960-talet, og seinast sidan 1920, var Brekke den nest minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal. Berre Borgund kommune var mindre.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for tidlegare Brekke kommune frå 1905 til 1964:
| 1905[8] | 1.12.1920[9] | 1.12.1930[10] | 3.12.1946[10] | 1.1.1951[11] | 1.1.1961[11] | 1.1.1964 |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 982 | 949 | 852 | 847 | 838 | 788 | 782 |
Brekke kyrkjesokn [endre]
Brekke er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Brekke kyrkje frå 1862.[12] Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje frå 1590. Før det stod det ei stavkyrkje, som fyrst er nemd i kjeldene i 1827, på garden Haugland litt sørom noverande kyrkjestad.[13]
Brekke kyrkje (Risnesfjord kyrkje) er nemnd fyrste gong på 1300-talet og var då lokalisert til Haugland i Brekke. I den katolske tid har det yore kapell her.
Fram til 1859 høyrde Brekke sokn til Evenvik prestegjeld (seinare kalla Gulen prestegjeld). Mellom 1859 og 1964 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, men frå 1964 har soknet høyrd til Gulen att.[14]
Kjelder [endre]
- SSB: Kart som viser delområde, grunnkrinsar og tettstader i Gulen kommune
- Kart frå 1877 over Brekke kommune på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Fotnotar [endre]
- ↑ «Brekke skule» på nettstaden til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- ↑ SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen», s. 51
- ↑ Anders Gjerde: «Ferjestaden Lavik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 10,0 10,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 11,0 11,1 Folkemengd i Brekke 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Brekke kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ «Brekke kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
Bakgrunnsstoff [endre]
- «Rutebilane i Brekke» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Om Brekke sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
|
|
|
|---|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |