Brekkestø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brekkestø er ei bygd eller ein strandby på sørenden av Justøya i Lillesand kommune i Aust-Agder. Bygda ligg ved sørenden av Fylkesveg 232 i Aust-Agder.

I seglskutetida var Brekkestø ei hamn for skip som venta på god seglvind eller søkte ly for uver. Bygningsmiljøet med trearkitektur frå seglskutetida er godt bevart. I dag er den gamle uthamna Brekkestø ein mykje søkt feriestad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950