Bremanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bremanger kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1438
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Svelgen
Areal 825 km²
Folketal 3 884 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Karl Vidar Førde (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.bremanger.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1438.svg
Bremanger kommune på Commons

Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.

Innhaldsliste

[endre] Kommunikasjon

Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy og Kjelkenes. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund på fastlandet. Indre del har ferjefritt samband til Florø og Førde, og ferjesamband over Nordfjorden ved Isane. Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.

[endre] Næring

Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.

[endre] Natur

Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.

[endre] Tettstader

[endre] Kjende folk frå Bremanger kommune

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk