Brembo
| Brembo | ||
| Utspring | Pizzo del Diavolo, Pizzo Tre Signori | |
| Munning | Adda | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 74 km | |
| Middelvassføring | 30 m²/s | |
| Nedslagsfelt | 935 km² | |
Brembo er ei elv i provinsen Bergamo i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Adda frå venstre med ei lengd på 74 km.
Brembo har sitt utspring i Dei bergamaskiske Alpane ved foten av Pizzo del Diavolo. Når ho kjem til Lenna mottar ho ei anna grein som har utspring ved Pizzo Tre Signori. Ho mottar fleire sideelvar som Stabina frå Valtorta, Parina, Enna frå Val Taleggio som møter Brembo ved San Giovanni Bianco, Ambria i Valle Serina og Dordo i Isola di Bergamo.
Brembo munnar ut i Adda nær Crespi d'Adda mellom kommunane Capriate San Gervasio, Canonica d'Adda og Vaprio d'Adda ved grensa mellom provinsane Bergamo og Milano.
Elva har stundom hatt alvorlege flaumar med katastrofale følgjer, som 18. juli 1987 då det vart gjort store øydeleggingar i Val Brembana.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Brembo (river) frå Engelsk Wikipedia .