Brendan sjøfararen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brendan oppdagar Færøyane.

Den heilage Brendan av Clonfert var fødd rundt 484Fenit Island i County Kerry sørvest på Irland og døydde rundt 578. Han er mest kjend for dei halvlegendariske sjøferdene sine, og vert gjerne kalla Sjøfararen eller Navigatøren.

Brendan prest[endre | endre wikiteksten]

Brendan voks opp hjå den heilage Ita, ei nonne som budde i Killeedy. Han vert opplærd ved klosterskulen St. Jarlath av biskop Erc av Kerry som seinare fekk han ordinert til prest i 512. Han grunnla fleire kloster over heile Irland som til dømes Clonfert Abbey i Galway.

Brendan sjøfararen[endre | endre wikiteksten]

Brendan sjøfararen

Eit manuskript frå 800-talet fortel korleis Brendan og seksti andre pilegrimar rundt 530 sette til havs på leit etter Edens hage. Dei reisande skal ha sett ei frodig, grøn øy, og, vel nøgde med at dei hadde oppdaga paradiset, vend tilbake til Irland. Under den sju år lange reisa støtte dei òg på sjømonster. Stader dei kan ha vitja er Færøyane, Island, Grønland og Nord-Amerika.

Om sjøfararane verkeleg kom til Nord-Amerika ville dei ha vore dei første europearane som kom til den nye verda — 400 år føre Leiv Eiriksson og 1000 år føre Christofer Columbus. Columbus brukte i alle høve denne reiseskildringa som argument for at det skulle vera mogleg å dra til Asia over Atlanterhavet.

Reiseskildringa har likskapar med Imram Brain, 'Reisa til Bran', og kan ha vore påverka av denne.

Miniarket FR 252-253 viser Brendan som oppdagar Færøyane og Island.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Brendan reiste seinare rundt på Dei britiske øyane, der han vitja Wales og den heilage øya Iona. Tilbake på Irland grunnla han eit bispedøme i Annaghdown og levde resten av livet sitt der.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den irske kyrkja erklærte Brendan som helgen med festdag den 16. mai.

Eit frimerkeark vart utgjeve som samutgåve mellom postverka i Irland, Island og Færøyane 18. april 1994.

Sjøferd i vår tid[endre | endre wikiteksten]

Den irske historikaren Tim Severin laga ein båt på 1970-talet av okseskinn strekt på eit skrog av spiler. Ein slik båt ber namnet curachirsk. Det var ein slik båt Brendan nytta på si ferd til Edens hage og no vona Severin å føra prov på at dette var mogleg. I 1976 starta Severin og fire andre på si ferd til Færøyane og vidare til Island der han vart vinteren over. Neste år reiste han om Grønland og enda ferda etter 50 døger på Newfoundland. På si ferd opplevde han mykje av det same som Brendan, fuglefjell, kval, vulkan og drivis.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Tim Severin: «Brendan-ferden» H. Aschehoug & Co.(W. Nygaard) Oslo 1978

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]