Brennevinet calvados

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brennevinet Calvados)
Calvados Couperné i flaske og glas.

Calvados er eit brennevin laga av eple frå regionen Basse-Normandie i Frankrike.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eplehagar og bryggeri vert først nemnd heilt tilbake på 700-talet av Karl den store. Det første kjende destilleriet i Normandie vart oppretta av de Gouberville i 1554, og lauget for siderdestillering vart oppretta 50 år seinare i 1606. På 1600-talet vart sidergardane utvida, men utanom i Bretagne, Maine og Normandie var det skatt på og forbod mot eplebrennevin. Departementet Calvados vart oppretta under den franske revolusjonen, men «Eau de vie de cidre» vart alt kalla «calvados» i daglegtale. På 1800-talet vart destilleringa industrialisert og omfanget av produksjonen auka. Då lus (Phylloxera) øydela store avlingar med vindruer fekk calvados ein «gullader». Calavados vart eit Appellation d'Origine Contrôlée-område (AOC, statleg namnegaranti og reglar for produksjon) i 1942. Etter krigen vart mange siderhus og destilleri bygd opp att, hovudsakleg i Pays d'Auge. Mange tradisjonelle gardshus vart bytta ut med moderne jordbruk, som gav større produksjon. Reglane for calvados vart revidert i 1984 og 1996. Pommeau fekk i 1991 lov å produsere calvados, og i 1997 vart det oppretta AOC for Domfront der ein nytta 30 % pærer.

Gammalt destilleringsapparat for calvados.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Frukta vert plukka og pressa til jus som så vert gjæra til tørr sider. Han vert så destillert til eau de vie. Etter to år med lagring på eikefat kan han seljast som calvados. Jo lenger han vert lagra, jo meir rundt og fint vert brennevinet. Vanlegvis vert det modna i fleire år. Ei halv flaske med tjue år gamal calvados kostar ofte det same som ei heilflaske med ti år gamal calvados.

Dobbel og enkel destillering[endre | endre wikiteksten]

AOC for calvados tillèt dobbel destillering for alle typar calvados, men det er eit krav for AOC calvados Pays d’Auge.

  • Dobbel destillering gjev ein samansett, delikat, rik og fruktig aroma, som ein kan få fram ved lang lagring.
  • Enkel destillering gjev ein frisk og rein eplesmak, men gjev mindre samansette smakar ved lang lagring.
Dei ulike calvados-regionane.

Område og reguleringar[endre | endre wikiteksten]

Som med dei fleste franske vinar vert Calvados regulert av appellation contrôlée (AOC). Det er tre slike reguleringar for calvados:

  • AOC calvados-området inkluderer heile departementa Calvados, Manche og Orne, og delar av Eure, Mayenne, Sarthe og Eure-et-Loir.
    • AOC calvados utgjer 70 % av den totale produksjonen.
    • Calvados må minimum lagrast to år på eikefat.
    • Terroir, det geografiske området, er definert.
    • Både eple og pærer kan nyttast.
    • Prosedyrane i produksjonen som pressing, gjæring, destillering og lagring er regulert.
    • Vanlegvis enkel destillering.
  • AOC calvados Pays d'Auge stiller strengare krav, og vert berre produsert i austlege område av departementet Calvados og eit par nærliggande distrikt.
    • Omfattande kvalitetskontroll
    • Lagring i minst to år på eikefat.
    • Dobbel destillering i ein destillasjonskolbe.
    • Produsert i eit utpeikt område i Pays d'Auge.
    • Sideren må minst gjærast i seks veker.
    • Smakselement vert kontrollert.
  • AOC calvados Domfrontais der ein større del pærer vert nytta. Reguleringa er om lag som for AOC calvados.
    • Minst 30 % pærer frå dei utpeikte områda skal nyttast.
    • Lagring i minst tre år på eikefat.
    • Frukthagane må bestå av minst 15 % pæretre.
  • Fermier calvados - enkelte kvalitetsmedvitne produsentar både i og utanfor Pays d’Auge lagar «calvados fermier», som tyder at brennevinet utelukkande er produsert på garden på ein tradisjonell måte med høge krav til kvalitet.

Kvalitet[endre | endre wikiteksten]

Alderen vert ofte merkt med visse ord, som viser til den yngste delen av blandinga. Enkelte vel derimot å trykke alderen i årstal. Ei blanding består ofte av forskjellige delar calvados av forskjellig alder. I calvados med høgare kvalitet er den eldste delen i blandinga stundom mykje eldre enn det som er nemnt nedanfor, stundom over 20 år.

  • ‘Fine’, ‘Trois étoiles *** ‘Trois pommes’ - 2 år gamal.
  • ‘Vieux’ - ‘Réserve’ - 3 år gamal.
  • ‘V.O.’ ‘VO’, ‘Vieille Réserve’, ‘V.S.O.P.’ ‘VSOP’ - 4 år gamal. Ofte seld mykje eldre.
  • ‘Extra’, ‘X.O.’ ‘XO’, ‘Napoléon’, ‘Hors d’Age’ ‘Age Inconnu’ - 6 år gamal. Ofte seld mykje eldre
  • ‘1973’ (millesime) - Årgangen (året han vart destillert).

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Calvados er grunnlaget for tradisjonen le trou Normand («Normannaropningen»). Dette er ein liten drink med calvados som ein tar mellom rettane i eit svært langt måltid, stundom i lag med ein eplesorbé, og visstnok for å vekke appetitten til liv igjen. Calvados kan serverast som ein aperitiff, blanda i drinkar, mellom måltid, for fordøyinga eller med kaffi. Ein god calvados skal naturlegvis ha ein smak av eple og pærer, balanser med smakar frå aldringa. Calvados som er lagra minst har ofte ein frisk eple- og pærearoma. Jo lenger calvados vert lagra, jo meir nærmar smaken seg andre godt lagra brennevin. Eldre calvados får ein gyllen, mørkare brunfarge med element av oransje og raud mahogni.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

  • Calvados Busnel
  • Père Magloire
  • Christian Drouin Coeur de Lion
  • Comte Louis de Lauriston
  • Lecompte
  • Manoir d'Apreval
  • Calvados Pierre Huet
  • Charles de Granville
  • Calvados Roger Groult
  • Chateau du Breuil
  • Coquerel
  • Boulard
  • Dupont
  • Ferme du Ponctey

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]