Brennglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kopi (i mindre skala) av brennglaset til Joseph Priestley, i laboratoriet hans.

Brennglas er ei samlelinse eller konveks linse som vert nytta til å avbilde ei fjern, sterk lyskjelde, som til dømes sola, i brennpunktet. Sidan biletet er sterkt forminska, går det ei intens lys- og varmestråling gjennom brennpunktet. Om linsa er stor nok, kan ein brennbar lekam som ligg i brennpunktet ta fyr.

Brennglas skal visstnok ha vorte nytta som våpen i tidlegare tider, for å setje fyr på t.d. skipa til fienden, mellom anna av Arkimedes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]