Brennmanet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brennmanet


Brennmanet
Brennmanet

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Cnidaria
Klasse: Scyphozoa
Orden: Semaeostomeae
Familie: Cyaneidae
Slekt: Cyanea
Art: C. capillata
Vitskapleg namn
Cyanea capillata

Brennmanet (Cyanea capillata) er ein stor manet som lever nord i Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Han kan bli opptil 2 meter i diameter, og er det største nesledyret me kjenner til. Dei største eksemplara lever i arktiske strok. Bortsett frå glasmaneten er brennmaneten den vanlegaste maneten i våre farvatn.

Brennmaneten er oftast gul til raud eller brungul i farge, og er utstyrt med lange tentaklar som kan bli opptil 30 m lange. På desse har han nesleceller som inneheldt nervegiftar som lammar byttedyr.

Brennmanetar lever om lag i eit år. Dei første eksemplara dukkar opp om våren og veks raskt utover sommaren. I juli-august formeirar dei seg, og larvane klekkast kort tid etter. Desse fester seg til botnen og lever fastsitjande som polyppar. Manetane døyr om hausten og vinteren, men polyppane overlever og slepp ut nye manetar neste vår.