Brent Spar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brentfeltet i Nordsjøen, avmerkt på kart

Brent Spar eller Brent E, var ei flytande bøye for lagring og lasting av råolje. Bøya vart bygd i 1976 og installert på Brentfeltet i britisk sektor i Nordsjøen. Oljeselskapet Shell UK har operatøransvaret for feltet. I og med bygginga av ein røyrleidning til oljeterminalen på Sullom Voe i Shetlandsøyane, vart bøya gradvis teken ut av bruk. I 1991 kom ein fram til at bøya ikkje hadde nokon bruksverdi i framtida, og det vart lagt ulike planar for kva ein skulle gjera med henne. Eit framlegg var å senkja bøya på djupt hav. I 1995 sa britiske styresmakter seg samde i Shell sin søknad om å søkkja bøya på djupt vatn i Atlanterhavet.

Miljørørsla Greenpeace organiserte etter kvart ein høgt profilert kampanje mot desse planane, irekna ei oppmoding om ikkje å handla på Shell sine bensinstasjonar. Aktivistar okkuperte Brent Spar i meir enn tre veker, og saka fekk oppslag i media verda rundt. Shell gjekk etter ei stund vekk frå planane om senking i havet, men hevda framleis at senking ville vera det sikraste ut frå både miljø- og tryggleiksperspektiv. Greenpeace på si side måtte etter kvart vedgå at dei ved ein feil hadde oppgjeve at det var meir olje att i lagringstankane enn det verkeleg var.

Brent Spar vart ankra opp i Erfjord nord i Rogaland fylke medan ein venta på kva som skulle skje med installasjonen. I januar 1998 tok Shell ei avgjerd om å bruka om att mykje stål, i samband med bygging av nye hamneanlegg i Mekjarvik nær Stavanger. Stavangerfirmaet GMC Maritime AS utførte skraping av Brent Spar saman med sin partner Wood gruppen. Stål frå bøya blei kutta opp i seksjonar og satt på havbotnen i Mekjarvik i Randaberg kommune før ein fylte stein og betong. Det resulterte i ei djupvasskai som danna grunnlaget for aukeade maritim verksemd i Stavanger då Saipem i 2000 bestemte seg for å bruka denne kaien med tilhøyrande baseområde som hovudbase for verdas største kranfartøy, «Saipem 7000».