Brente jords taktikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyske troppar brukte brente jords taktikk då dei trekte seg vestover frå Murmanskfronten under andre verdskrigen. Biletet viser Rovaniemi i Finland, der 90 % av busetnaden vart brunne av tyskarar på retrett under Lapplandskrigen hausten 1944.
Brente jords taktikk er ein militær taktikk som går ut på å øydeleggje alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv rykker fram eller trekkjer seg ut av eit område. Utrykket stammar frå praksisen å brenne avlingane for å hindre fienden matkjelder, sjølv om han ikkje avgrensar seg til matlager, men òg kan omfatte øydelegging av husly, transportmiddel, kommunikasjonsmiddel og industrielle ressursar som ofte har ein like stor eller større nytteverdi i moderne krigføring sidan moderne hærar vanlegvis tek med seg sine eigne matforsyningar. Praksisen kan utførast av ein hær i fiendtleg territorium, eller av ein hær på eige territorium. Taktikken kan òg innebere å setje opp dødsfeller eller mineleggje husly, transportmiddel osb
Innhaldsliste |
Krigar der taktikken er brukt [endre]
- Vlad Tepes brukte brente jords taktikk med stor effekt i 1462 under invasjonen til tyrkarane av Valakia. Denne taktikken var så effektiv at tyrkarane returnerte heim utan å ha vore i slag.
- Under napoleonskrigane vart taktikken brukt med militær suksess både i Spania og Russland.
- I den amerikanske borgarkrigen sette general Sherman i verk denne taktikken under marsjen sin til havet.
- Under den andre kinesisk-japanske krigen (1937-1945) øydela kinesiske soldatar demningar i eit forsøk på å oversymje landet for å forsinke framrykkinga til japanske soldatar. Denne taktikken førte til oversymjinga av Huang He i 1938.
- Under andre verdskrigen sette tyske troppar i verk taktikken for alle områda på Murmanskfronten som dei måtte trekkje seg ut av sommaren og hausten 1944, i Sovjetunionen (Russland), på Lapplandsfronten i Finland og i Noreg. Tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms førte til at all busetnad og infrastruktur i norske område nord og austom Lyngen vart øydelagt for å hindre at dei invaderande, sovjetiske styrkane frå aust fekk tilgjenge på forsyningar. Dei tyske styrkane sine systematiske og totale rasering av landsdelen denne siste krigsvinteren vart av kong Olav omtalt som den største katastrofen i norsk historie sidan svartedauen. Òg Sovjetunionen brukte denne taktikken under krigen.
- Indonesia og proindonesiske militsar brukte taktikken i tida rundt lausrivinga til Aust-Timor i 1999.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Brente jords taktikk» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2010.