Bresprekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bresprekk.

Bresprekk er ein sprekk på ein isbre. Ein finn dei berre i ablasjonsområdet til breen, med unntak av ein ganske djup sprekk som kan dannast i overkanten av tempererte brear, fordi breen sklir framover.

Bresprekker syner at ein isbre er aktiv. Sprekkane går oftast på langs eller på tvers av breen, og fortel om breen flyttar seg mest framover eller om breen trekker seg for det meste tilbake. Det er sjeldant sprekkene går djupare enn 20-30 meter på tempererte brear fordi trykket så djupet nede er større enn kreftene som drar breen framover. Sprekkane på tvers kan òg oppstå ved at isbreen «knekk» på grunn av eit fall i terrenghøgda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]