Bretton Woods-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bretton Woods-systemet var eit sett med reglar og institusjonar som vart initiert under ein konferanse i Bretton Woods i USA i juli 1944. Bretton Woods-systemet etablerte reglar for kommersielt og finansielt samvirke mellom dei leiande industrilanda i verda og er det første dømet på ein framforhandla avtale som dekkjer finans- og valutatilhøve mellom ei rekkje uavhengige nasjonar.

Totalt 730 delegatar frå dei 44 allierte nasjonane kom saman i juli 1944 til United Nations Monetary and Financial Conference, med den hensikten å skape eit grunnlag for stabilitet i finans- og pengepolitikken når den andre verdskrigen ei gong ville vere over. Etter tre vekers forhandlingar vart «Bretton Woods-avtalane» underteikna mot slutten av juli 1944.

Ved etableringa av eit system med reglar, institusjonar og prosedyrar for å regulere det internasjonale finanssystemet, stifta planleggarane ved Bretton Woods Den internasjonale banken for gjenoppbygging og utvikling (IBRD) (no ein del av Verdsbanken) og Det internasjonale pengefondet (IMF).[1] Desse institusjonane starta verksemda si året etter, i 1945, etter at nok land hadde ratifisert avtalene.

Den viktigaste effekten ved Bretton Woods-systemet var ei forplikting for kvart av dei deltakande landa til å føre ein pengepolitikk som opprettheldt ein fast vekslingskurs (±1%) for sin valuta i tilhøve til gull, og dessutan IMFs evne til å tre støttande til ved mellombels avvik i betalingsbalansane landa imellom. Systemet kom under aukande press mot slutten av 1960-talet og kollapsa i 1971 då USA suspenderte den faste vekslingskursen mellom dollar og gull.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kenwood A.G., Lougheed A.L.: s 240

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Begg, David eit. al. (2005). Economics, 8th Edition. Maidenhead: McGraw-Hill Education. s. 591–592. ISBN 0-07-7107756. 
  • Kenwood A.G., Lougheed A.L. (2006). The Growth of the International Economy 1820-2000. New York: Routledge. s. 237-246. ISBN 0-415-19930-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]