Brettsegling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brettseiling)
Brettseglaren Robby Naish under verdscupen ved Sylt i Tyskland.

Brettsegling er ein populær vassport og -aktivitet som kombinerer element frå surfing og segling. For å drive brettsegling treng ein eit seglbrett og ein rigg (beståande av segl, mast og bom).

Om sporten[endre | endre wikiteksten]

Seglbrett og brettsegling skil seg frå tradisjonell segling på fleire punkt. Seglbrett har meir til felles med rullebrett (skating), snøbrett (snowboard) og bølgjesurfing enn vanleg seglbåt. Noreg med den lange kysten sin har særs gode tilhøve for brettsegling. Vestlandet med det milde klimaet sitt og mange lågtrykk er sjølve kjerneområdet for aktiviteten i Noreg. Med dagens drakter og utstyr kan sporten drivast som ein heilårsaktivitet. Spesielt i området frå Lista, via Jæren til Karmøy er vinteren høgsesong med dei beste tilhøva med tanke på vind og bølgjer. Typisk er dei erfarne å finne på vatnet i denne perioden.

Med moderne utstyr kan ein lett kome opp i fart på over 20 og 30 knop. Snøggleiksrekorden for segldrivne fartøy blir halde for tida av seglbrett, og er over 48 knop. Normalt blir 8 m/s rekna som nedre vindgrense for planande segling. Planande segling er enno mogleg med moderne segl (over 10 m²) i vind frå 4 m/s sjå formula for slik utstyr. Mest nytta er segl frå 4-8 m², men konkurransesegling på bane føregår gjerne med segl frå 7,5 til 12 m².

Konkurranseformer[endre | endre wikiteksten]

Det blir konkurrert hovudsakleg i tre ulike kategoriar innan brettsegling, og dessutan nokre kategoriar som er meir uvanleg.

Bølgjesegling (wave)[endre | endre wikiteksten]

Dette er den klassiske forma for konkurranse innan brettsegling. Her seglar to og to seglarar mot kvarandre medan dommarar på land gjev poeng for hopp og bølgjeriding. Både stil og vanskegrad blir bedømt. Konkurransane blir avvikla etter utslagsmetoden. De mest kjende strendene for bølgesegling finst på Hawaii. Men òg Sør-Afrika og Australia blir rekna som klassiske bølgjestader, der bølgjene har bygd seg opp over store havstrekk.

Freestyle[endre | endre wikiteksten]

Då det er få plassar i verda som kan by på perfekte bølgjer, har det oppstått ei konkurranseform som blir kalla freestyle. Konkurransen blir avvikla som ein bølgjekonkurranse, men på stader med flatt vann eller små bølgjer. Då dette er ei relativt ny konkurranseform dukkar det opp kvart år nye triks eller manøvrar som utøvarane stiller med i konkurransar.

Race[endre | endre wikiteksten]

Denne kategorien har stått på programmet for konkurransar lenge, men med varierande innhald. Opphavleg var det raceboard, seinare slalåm, som vart etterfølgd av formula. I 2005 vart andre generasjonsslalåm relansert og lever i dag side om side med formula. ALTE-kategoriane RS-X og tidlegare ICMS-brett høyrer òg inn under racekategorien.

Andre konkurranseformer[endre | endre wikiteksten]

Utover dei tre hovudkategoriene finst til dømes snøggleikskonkurransar. Dette er ofte lukka konkurransar med berre inviterte utøvarar. Det blir konkurrert om å oppnå høgast, gjennomsnittleg fart over 500 meter. Ein annan, relativt ny konkurranseform er super-X, som er ei blanding av slalåm og freestyle.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Utstyret som blir til brukt brettsegling er høgt spesialisert og produsentane nyttar ofte kostbare material som karbon og epoxy for å spare vekt. Utstyret er ofte tilpassa dei ulike konkurranseformene. I tillegg til utstyr som er spesiallaga for konkurransar, blir det òg produsert mykje utstyr til forbrukermarknaden. Dette blir ofte for kalla freerideutstyr. Rundt år 2000 endra konstruksjonen av brett og segl seg vesentleg. Eldre brett er generelt lengre og smalare enn moderne. Moderne segl er konstruert med eit lausare akterlik som tillèt seglet å sleppe ut luft i toppen.

Brett[endre | endre wikiteksten]

På oversida har seglbrettet feste for masta og fleire fotstroppar til å feste beina i. På undersida av brettet er det ein kassett til å stikke inn finnen i, kalla finnekassen. Større brett har òg ein nedsenkbar kjøl. Denne blir først nytta og fremst av nybyrjarar. Eit moderne seglbrett vil ha ei lengd frå 220 cm til 280 cm og ei breidde frå 52 cm til 100 cm. Vekta av seglbrett vil variere frå 5 til 15 kg. Flyteevna til eit seglbrett, dvs oppdrifta, blir mælt i liter. Oppdrifta vil liggje mellom 60 og 200 liter. Ein tommelfingerregel seier at eit brett med volum lik personen sin kroppsvekt (pluss fem til ti liter) vil ha tilstrekkeleg oppdrift til å flyte med personen på. Brett som har mindre flyteevne enn lasta det skal bere (kroppsvekt og vekt av rigg), vil vere avhengig av fart for å halde seg flytande. Slike brett vert kalla sinkarar, i motsetnad til floatarar.

Segl[endre | endre wikiteksten]

Segl til seglbrett liknar mykje på segl til seglbåtar men er sydd på ein annan måte. Segla er sydd saman av fleire panel, forma til panela gjev seglet ein profil som ei flyvengje. Segl blir produsert hovudsakleg av monofilm. Eit segl består i forkant av ein mastelomme som masta vert tredd inn i. Bakkanten på seglet blir kalla akterlik. Monofilmen er gjennomsiktig. Dette er praktisk, men det er ikkje difor ein slik duk blir brukt. Monofilmen er svært strekkfast slik at seglet ikkje endrar profil («bles ut») under belastning.

Mast[endre | endre wikiteksten]

Master lagast i 70% til 100% karbon. Dette gjer dei lette og sterke men òg sårbare for slag. Masta blir tredd inn i mastelomma i seglet. Mastene blir laga i standardlengder med 30 cm mellom kvar lengd. Typiske lengder vil vere 370-400-430-460 eller 490 cm. Eigenskapane til ei mast vert i hovudsak avgjort av mengd karbon. Meir karbon vil gjere at seglet vil respondere raskare til vindkast.

Bom[endre | endre wikiteksten]

Seglaren brukar bommen til å halde seglet. Bommen blir festa vertikalt på masta med ein klemme eller binding. I den andre enden blir festa bommen til seglet sin akterlik.

Finne[endre | endre wikiteksten]

Finnen blir festa under brettet i finnekassen. Finnen fungerer etter hydrodynamiske prinsipp (omtrent som ei flyvengje). Oppgåva til finnen er å motverke sidekreftene som seglet produserer. Til bølgjesegling og freestyle nyttast finnar som er rundt 25 cm lange. Amatørseglarar vil nytte finnar rundt 40 cm, medan til slalåm og formula vil konkurranseseglarar nytte finnar opp mot 70 cm.

Trapes[endre | endre wikiteksten]

Ein trapes er det viktigaste bindeleddet mellom seglar og rigg. Trapesen består av ein sele med ein krok på den eine sida. Trapesen blir festa rundt livet og blir sikra med beinstropper. Kroken blir hukt i trapeslina som er festa på bommen. Trapesen reduserer behovet for armkrefter radikalt. Vidare vil trapesen overføre kroppsvekt frå beina til seglaren og framover til mastefestet. Dette hjelper seglaren å balansere brettet i lengderetninga.

Mastefeste og masteforlengar[endre | endre wikiteksten]

Mastefestet består av eit gummiledd som forbind riggen og brettet. Ein masteforlengar blir til nytta å justere lengd på masta mellom dei faste lengdene desse blir produsert i.

Klede[endre | endre wikiteksten]

For segling i Noreg blir nytta ein våtdrakt, eller i nokre tilfelle ein tørrdrakt. Bortsett frå om sommaren blir òg nytta heitte, hanskar og skor produsert i neoprene.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Sporten oppstod på Hawaii på slutten av 1960-talet, men fekk ein stor oppblomstring tidleg på 1980-talet. Brettsegling eller windsurfing heldt på å døy ut på 1990-talet. Rundt tusenårsskiftet skjedde det revolusjonerande ting innan design av segl og brett. Dette har ført til at sporten no har ei aukande oppslutning.

Robby Naish er sjølve legenda innan brettsegling. Han har vore med å forme og utvikle sporten gjennom snart tre tiår og blir enno rekna som ein av dei beste i verda i sporten. Björn Dunkerbeck markerte seg sterkt gjennom heile 1990-talet med plasseringar heilt i toppen av dei fleste konkurransane. Ein annan person som har vore med på prege sporten er norske Svein Rasmussen som flytta til Thailand for å starte produksjon av seglbrett. Han har i stor grad vore med på å revolusjonære sporten med å lansere meir brukarvennleg utstyr, noko som har ført til ei auka interesse for sporten.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

I Noreg føregår mykje av brettseglinga på individuell basis. Likevel er mange brettseglarar organisert i klubbar. Mange klubbar er tilknytt Norsk brettseglerklubb (NBK) Arkivert 2011-09-30 ved Wayback Machine. som er klasseorganisasjonen som organiserer konkurransar i Noreg. Dei fleste større plassane i Noreg har eigne klubbar, sjå liste under.

Mange lærer seg sporten gjennom nybyrjarkurs. Dette er ein billeg måte å prøve sporten utan å måtte investere i kostbart utstyr. Dei fleste klubbane arrangerer slike kurs. Fleire forhandlarar held òg slike kurs.

Kjende brettseglarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Foreiningar[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]