Brettspelet Carcassonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bymur i Carcassonne, byen som har gitt namn til spelet.
Foto: Erin Silversmith

Carcassonne er eit brikkebasert brettspel for to til fem spelarar som er utvikla av Klaus-Jürgen Wrede. Det blei først gitt ut i 2000 av forlaget Hans im Glück på tysk og av Rio Grande Games på engelsk. Enigma Distribution (tidlegare Midgard Games) gir ut spelet på norsk.

Spelet er kalla opp etter mellomaldarbyen Carcassonne i sør-Frankrike. Denne byen er vidgjeten for bymurane og forsvarsverka sine. Spelet har fått mange utvidingar og oppfølgjarar, og det har inspirert fleire dataversjonar.

Carcassonne vann Spiel des Jahres-prisen i 2001.

Reglar for grunnspelet[endre | endre wikiteksten]

Spelebrettet er eit mellomalderleg landskap som blir bygd av spelarane etter kvart som spelet går framover. Spelet startar med berre ei brikke på bordet. Dei 71 andre brikkene ligg blanda med baksida opp. Etter tur trekk spelarane ei ny brikke og plasserer ho inntil brikkene som allereie ligg på bordet. Dei nye brikkene må plasserast slik at dei passar inntil brikka eller brikkene som ligg på bordet frå før. Ei brikke kan ei innehalde eit eller fleire av elementa veg, eng og by. Veg må ligge mot veg, eng mot eng og by mot by. I tillegg finst det kloster, som alltid ligg på ei eng, med eller utan veg.

Følgjesmann-figurar.
Foto: Júlio Reis

Etter at han har plassert ei ny brikke kan spelaren plassere ein, og berre ein, følgjesmann på brikka. Følgjesmannen kan berre plasserast på brikkene som nettopp blei lagt ut, og berre på visse vilkår. Ein følgjesmann gjer krav på eigedomsretten til det han blir plassert på. Han kan setjast på ein veg, ei eng, ein by eller eit kloster, men aldri dersom det er ein følgjesmann frå før på den vegen, enga eller byen som brikka kjem inntil. Men separate byar, vegar og enger med følgjesmenn kan bindast saman etter kvart som fleire brikker blir plasserte ut. Då er det spelaren med flest følgjesmenn som eig vegen, enga eller byen. Fleire spelarar kan eige desse i lag dersom dei har plassert like mange følgjesmenn der.

Spelet er slutt når den siste brikka er lagt ut. Spelaren med flest poeng vinn.

Poengutrekning[endre | endre wikiteksten]

Når ein by, eit kloster eller ein veg er ferdig (by og vegar når det ikkje er nokre uferdige ender som kan byggjast på, kloster når dei er omgitt av åtte brikker), gir følgjesmennene på byen, vegen eller klosteret poeng til sine eigarar. Spelaren som har flest følgjesmenn får poeng. Om to eller fleire spelarar har like mange følgjesmenn får alle fulle poeng. Poeng for uferdige byar, vegar eller kloster tellast opp når spelet er slutt.

Ferdige og uferdige vegar gir like mange poeng, eitt poeng for kvar brikke som vegen strekkjer seg over.

Ferdige og uferdige kloster gir også like mange poeng, eitt poeng for brikka der sjølve klosteret er og eitt poeng for kvar av dei inntil åtte brikkene som ligg rundt.

For ferdige byer får ein to poeng for kvar brikke byen er bygd av. I tidlege utgåver av spelet gav småbyar laga av to brikker berre eitt poeng per brikke, men dette er seinare blitt endra. For uferdige byar får ein berre eitt poeng for kvar brikke i byen.

Når ein by, veg eller eit kloster er ferdig går følgjesmennene som var plasserte der tilbake til sine eigarar og kan brukast på nytt andre stader, men ikkje i den same omgangen som objektet blei ferdig.

Objekt Ferdig Når spelet er slutt
Byar To (2) poeng per brikke + to (2) poeng per skjold Eitt (1) poeng per brikke + eitt (1) poeng per skjold
Vegar Eitt (1) poeng per brikke
Kloster Eitt (1) poeng for klosterbrikka + eitt (1) poeng for kvar brikke som ligg omkring.
Enger Gir ikkje poeng før spelet er slutt (sjå nedanfor). Tre (3) poeng for ferdig by på enga.

Poeng for enger/bønder[endre | endre wikiteksten]

Poenga for enger har blitt endra frå den første utgivinga og det er også ulike reglar i den tyske og amerikanske versjonen. Men om vi held oss til dei offisielle VM-reglane per 2007 er det slik at spelaren som har flest følgjesmenn (bønder) på enga får tre poeng for kvar ferdigstilte by på enga (uavhengig av kven som åtte byen). Kvar by kan berre gi poeng til same spelar ei gong. Dersom to eller fleire spelarar har like mange følgjesmenn på enga får alle fulle poeng, slik som for byar og vegar.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Grunnreglene seier at ein skal trekkje ei (1) brikke frå brikkene som er att og leggje denne ut med ei gong. Det finnast to variantar til dette som gjer det enklare å planleggje.

Variant 1: Tre brikker på handa, trekkje før leggje[endre | endre wikiteksten]

Den første varianten går ut på at ein har tre (3) brikker på handa til ei kvar tid. Ein byrjar runda med å trekkje ei ny brikke slik at ein har fire (4) brikker på handa, og så legg ein ut ei av desse.

Fordelar:

  • Gjer det lettare å planleggje
  • Gjer spelet mindre tilfeldig
  • Hindrar oftast at «vanskelege» brikker må leggjast bort fordi dei ikkje passar

Ulemper:

  • Det blir et mykje meir konkurranseprega spel, grunnreglene gjer at også folk som ikkje har sin tur akkurat då held seg aktive, sidan dei kan vere med på å finne og foreslå kvar den trekte brikka kan passe
  • Rundane tar meir tid sidan mange må tenkje mykje meir når spelarane ikkje må vise fram kva for brikker dei har, samt at dei har meir å velje mellom

Om ein spelar med elve-utvidingane er det lurt å vente til ein byrjar å trekkje frå dei vanlege brikkene før ein trekk opp 3 brikker på handa.

Variant 2: Tre brikker på handa, leggje før trekkje[endre | endre wikiteksten]

Variant 2 er ei lita endring av variant 1, som i stor grad fjernar problemet med at rundane tar meir tid. Einaste forskjellen er at ein ikkje trekk ei ny brikke før runda er over, dvs. etter at ein har tatt tilbake følgjesmenn frå fullførte prosjekt på spelebrettet. Spelaren byrjar dermed runden sin med å leggje ut ei av dei tre (3) brikkene han har, fullførar resten av runden, og trekk så ei ny brikke før spelet går vidare til neste spelar. Såleis har spelarane sjanse til å planleggje korleis dei vil bruke den nye brikka medan dei andre spelarane gjer ferdig sine rundar.

Taktikk og strategi[endre | endre wikiteksten]

Carcassonne blir rekna som eit godt familiespel sidan det har enkle reglar, sidan ingen blir slått ut og sidan spelet varer kort. Eit typisk spel går gjerne unna på 45 minutt. Hell og uhell er ein faktor i spelet, men ein dyktig spelar kan auke sjansane for siger ganske mykje. Jo fleire spel ein spelar og jo færre spelarar ein er, jo fleire spel vil den dyktigaste vinne.

  • Utnytting av følgjesmenn. Kvar spelar har berre sju følgjesmenn og det er lett å gå tom om ein brukar dei ukritisk. Bygg byar i staden for vegar, sidan byar gir flest poeng. Prøv ôg å bli fort ferdig med prosjekta, slik at du kan bruke følgjesmennene på nytt til andre prosjekt.
  • Hengje seg på andre sine byar, vegar eller enger. Det er ofte mogleg å plassere ei einsleg by- eller vegbrikke nær ein stor by eller ein lang veg og kople dei saman seinare. Slik kan ein snylte på andre spelarar sitt arbeid, eller kanskje ta alt saman aleine. I Carcassonne er det lov å vere slem!
  • Unngå deling. Om ein har ein stor by eller ein lang veg, kan ein forsvare seg ved å plassere brikkene slik at det blir vanskeleg for andre å henge seg på eller stele.
  • Bønder. Bønder som er plasserte strategisk ut kan gi mange poeng og avgjer ofte spelet. Men ein utplassert bonde blir der heile spelet, så det løner seg som regel ikkje å binde opp mange bønder tidleg i spelet.
  • Øydeleggje for motstandarane. Nokre brikker er meir vanlege enn andre. Dyktige spelarar veit kor mange det er og kor mange som har gått av kvar brikke, og kan ofte utnytte dette ved å plassere brikkene slik at det blir vanskeleg eller umogleg for andre å fullføre sine prosjekt. På den måten oppnår ein både at motstandarane får mindre poeng og at de bind opp følgjesmenn.

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Spelet har også fleire utvidingar for både å utvide moglegheitene med spelet og i nokre tilfelle endre spelet radikalt.

Utviding: Elva[endre | endre wikiteksten]

Elva er ei utviding som anten følgjer med sjølve Carcassonne eller ein av de første utvidingane.

Elva tilfører tolv (12) nye brikker som kvar har ei brei elv som tema. To (2) av brikkene er endestykke, den eine består av ein fjellformasjon og den andre er ein innsjø. De resterande ti (10) brikkene dannar ei samanhengande elv mellom desse endestykka. Det er også nokre få andre objekt på desse, slik som bymurar og vegar.

Poenget med denne utvidinga er at ein tar ut den originale startbrikka og brukar dei tolv (12) elvebrikkene i staden. Spelarane byrjar ved å ta ut dei to endestykka og så blande de andre elvebrikkene med spelsida ned. Det eine endestykket blir så lagt ut som startpunkt på bordet. Så trekk og legg kvar spelar ut ei av de andre elvebrikkene heilt til desse er brukte opp. Neste spelar legg så ut det andre endestykket og så byrjar spelarane å trekkje frå originalbrikkene som vanleg.

Elvebrikkene dannar eit større startområde med fleire enger og gir dermed spelarane fleire val enn den eine startbrikka fra originalutgåva.

Utviding: Elva II[endre | endre wikiteksten]

Denne utvidinga gjer omtrent det same som Elva, men har ei elv som deler seg.

Utviding: Katedralar og vertshus[endre | endre wikiteksten]

Denne utvidinga legg desse elementa til spelet:

  • Brikker til ein sjette spelar
  • Ein ny følgjesmann til kvar farge, som er noko større enn dei originale
  • Nye brikker (skildra under)

De nye brikkene kan kort oppsummerast slik:

  • Katedral, kan plasserast inne i ein by slik at byen blir verdt to (3) poeng om han blir ferdig, eller null (0) om han ikkje blir ferdig
  • Veg med vertshus (illustrert med eit hus med ein liten innsjø ved sida av), gjer det same med vegar som katedralen gjer med byar. Anten blir vegane verdt to (2) poeng, eller null (0)
  • Variantar av dei brikkene som følgjer med original-spelet, men som ikkje har nye reglar forbunde med seg, slik som kloster med veg

Dei to nye typane av brikker, katedralar og vertshus, gir spelaren som legg dei ut ein sjanse til å få meir poeng for å fullføre et by- eller vegprosjekt, men inneber og ein større risiko for å ikkje få poeng for dette.

Den store følgjesmannen kan brukast på same måten som dei originale følgjesmennene, men om denne står på eit objekt som andre spelarar og har følgjesmenn på så tel denne som to (2) følgjesmenn. Det vil seie at denne kan brukast til å få overtaket på ein by, ein veg, eller ei eng ved å setje han på eit objekt og sidan knyte dette opp til eit anna objekt som ein annan spelar eig.

Poeng-tabellen med denne utvidinga ser slik ut:

Objekt Ferdig Når spelet er slutt
By utan katedral To (2) poeng per brikke + to (2) poeng per skjold Eitt (1) poeng per brikke + eitt (1) poeng per skjold
By med katedral Tre (3) poeng per brikke + tre (3) poeng per skjold Ingen poeng
Veg utan vertshus Eitt (1) poeng per brikke
Veg med vertshus To (2) poeng per brikke Ingen poeng
Kloster Eitt (1) poeng for kloster-brikka + eitt (1) poeng for kvar brikke som ligg omkring
Enger Gir ikkje poeng før spelet er slutt (sjå nedanfor). Tre (3) poeng for ferdig by på enga.

Turneringar og meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Det blir halde turneringar og internasjonale meisterskap i Carcassonne, som regel med to spelarar pr bord. I 2006 blei det for første gong arrangert NM og VM i spelet.

Vidar Aas frå Arendal blei Noregsmeister i 2006 og blei nummer 8 av 16 spelarar i VM i Essen i Tyskland, som blei vunne av tyskaren Ralph Querfurth. Henrik Fürstenberg frå Trondheim blei noregsmeister i 2007.

Frå 2003 til 2005 blei det arrangert «Internasjonal meisterskap» i Carcassonne. Dette var eit slags utvida tysk meisterskap og ein forgjengar for VM. Johanne Revheim frå Rådal deltok i IM 2003 etter å ha vunne ei kvalifiseringsturnering på internett. Ho blei nummer 34 av 64 spelarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brettspelet Carcassonne

Turneringar[endre | endre wikiteksten]

Carcassonne online[endre | endre wikiteksten]

Ein kan spele Carcassonne på nettet her:

Andre[endre | endre wikiteksten]