Brev frå kong Filippus Simonsson ca. 1207–1217

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brev frå baglerkongen Filippus

Brev frå kong Filippus Simonsson ca. 1207–1217 er det eldste norske kongebrevet som er verna i original, og det er Noregs eldste verna norskspråklege (norrøne) brev. Brevet er skrive av kong Filippus Simonsson, som var konge for baglarane mellom 1207 og 1217. Brevet er ikkje datert, men utsendt i Filippus' regjeringstid. Brevet er skrive med jerngallusblekkpergament og vert teke vare på hos Riksarkivet.

Om brevet[endre | endre wikiteksten]

Brevet frå kong Filippus er eit vernebrev, eit skriv som gjev mottakaren kongeleg vern. Brevet er ei kongeleg stadfesting av ei avgjerd teken av lagmannen. Brevet handlar om eigedomane til Hovedøya kloster. Ein del av garden Asper i Follo hadde vorte gjeven til munkane på Hovedøya av ein kong Inge.[1] I brevet åtvarar kong Filippus «mossedølingene» (folket i noverande Hobøl i Østfold) mot å ta gardparten frå munkane, og trugar med strenge straffer dersom nokon gjer dette. Brevet viser til lova etter ein Simon Lagmann. Kongen stadfestar slik autoriteten til lagmannen.

Brevet er eit viktig rettshistorisk dokument. Det viser at lagmannen på denne tida byrja å få ein funksjon som domar. Vernebrevet dokumenterar òg at kong Filippus utøvde kongsmakt, og at han og baglarane hadde herredømet over Vika. Den kong Inge som Filippus nemner i brevet kan vera baglerkongen Inge Magnusson, men det kan òg vera kong Inge Haraldsson Krokrygg, norsk konge 1136-1161 og onkelen til Filippus. Det er nemleg registrert (men ikkje verna i original) fleire gåvebrev til Hovedøya kloster frå han.[2]

Brevteksta og moderne omsetjing[endre | endre wikiteksten]

Brevet er trykt som tekst i diplomsamliga Diplomatarium Norvegicum:[3]

Philippus konungr sender ollum Morsd/oe/lom þeim er j lyðni
villia vera við oss. q. G. #z sina. Vm eighn þa #z uttvægh er Jngi.
konungr. gaf til Hauwðeyiar or b/oe/ þeim er Aspar heita a Foll/oe/ ser
til miskunnar þa er oss. saght at þer haveð genget a meðr kappe #z
agirnd #z malghat þa eign með rangyndum ok unyta sva. fyrir munkum
j Hauwðey. Nu hava þeir loghuunnitt eighnena sem Simun logh maðr
hevir laogh um skyrt. Nu ef nokor maðr verðr sua diarfr at hann
gerer þeim nokot spial virki eða lan bum þeira. a gaurðum eða grindum
eða a þui er til heivir leghet at forno eða nyiu þa skall hann engo
fyrir koma nema livi eða limum ef ver meghom na honom. Walete.

Omsett til moderne norsk lyder brevet:[4]

Kong Filippus sender alle morsdøler som vil vera lydige mot oss, Guds og si helsing. Om den eigedomen og utmark som kong Inge gav til Hovedøy av den garden som heiter Osper på Follo, til miskunn for seg, då er det sagt oss at de har gått fram med stridskap og grådigheit og gjort krav på denne eigedomen med urette og dårleg oppførsel* mot munkane i Hovedøy. No har dei vunne eigedomen ved lov slik Simon lagmann har klargjort lovane. No, om nokon mann vert så djerv at han gjer nokon skade for dei eller leiglendingene deira på gjerde eller grinder eller på det som har lege til [eigedomen] frå gammal eller ny tid, då skal han inkje mindre forderva enn liv eller lemmar om vi kan få tak i han. Lev vel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anten Inge Magnusson eller Inge Haraldsson
  2. Riksarkivet, Kong Filippus Simonssons vernebrev for Hovedøya kloster ca. 1207-1217
  3. Diplomatarium Norvegicum, bd. 1, nr. 3
  4. Omsetjing etter Frode Ulvund, Universitetet i Bergen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Diplomatarium Norvegicum
  • Regesta Norvegica : kronologisk Fortegnelse over Dokument vedkomande Noreg, Nordmænd og den norske Kyrkjeprovinsen. 1 : 991-1263. Det Norske Historiske Kjeldeskriftfond, Christiania 1898