BrewDog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

BrewDog (òg skrive Brewdog og BrewDog Brewery) er eit skotsk bryggjeri som ligg i Fraserburgh i Aberdeenshire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

BrewDog vart grunnlagt av venene James Watt og Martin Dickie i 2006. Dei bryggja fyrste ølet sitt i 2007. Dei hevdar sjølv dei er Skottlands største uavhengige bryggjeri og bryggjar om lag 120 000 flasker øl som blir selde over heile verda kvar månad.[treng kjelde] Ifølgje bryggeriet sjølv var det hunden Bracken som eigde bryggeriet fram til han døydde. Etter Bracken tok kvalpen Simcoe over som eigar.

Øl[endre | endre wikiteksten]

The End of History-flaske.

BrewDog er kjende for å ha bryggja sterkt øl. «Tactical Nuclear Penguin» var i 2009 verdas sterkaste øl, med 32 % alkoholinnhald.[1] «Sink The Bismarck» var i februar 2010 lansert, med 41 % alkohol.[2] I juli 2010 lanserte dei òg The End of History. Dette ølet vart tappa i flasker putta ned i traffikdrepne dyr.[3] Dette var ikkje berre verdas sterkaste øl på 55 %, men også verdas dyraste øl.[4] Ei flaske kosta 500 britiske pund.

Dei produserer flaskeøl av mange ulike slag, spesielt av typane IPA, stout og lager. Flaggskipet deira, Punk IPA, er Skandinavias mest selde IPA.[treng kjelde] Dei eksporterer øl til blant anna Japan, Taiwan, Estland, Finland, Danmark, Sverige, Noreg, Nederland, Sambandsstatane, Canada og Australia.

Bryggeriet eig òg ei rekkje barar i Storbritannia og ein i Stockholm.[5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 'World's strongest' beer with 32% strength launched - BBC. Lese 11. juli 2013
  2. Sink the Bismarck!: Brewery Releases World's Strongest Beer At 41% ABV - Huffington Post. Lese 11. juli 2013
  3. Scottish brewery introduces world's costliest beer at £700 a bottle.. and it comes in a stuffed squirrel - Daily Record. Lese 11. juli 2013
  4. BrewDog Unveils the World's Strongest, Squirreliest Beer Ever - Eater. Lese 11. juli 2013
  5. Bars Arkivert 2013-07-15 ved Wayback Machine. - brewdog.com. Lese 11. juli 2013