Brian Epstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Epstein
Verkeleg namn Brian Samuel Epstein
Opphav Liverpool i England
Fødd 19. september 1934
Død 27. august 1967
London, England, UK
Aktive år 1961—1967
Yrke Manager, impresario
Tilknytt artistar The Beatles, Gerry & The Pacemakers, Billy J. Kramer with The Dakotas, The Fourmost og Cilla Black
Nettside http://www.brianepstein.com

Brian Samuel Epstein (19. september 193427. august 1967) var ein britisk musikkentrepenør og manager for The Beatles. Gjennom familieselskapet NEMS (North End Music Stores) var han òg manager for fleire andre artistar som Gerry & The Pacemakers, Billy J. Kramer and the Dakotas, Cilla Black og The Remo Four.

The Beatles spelte inn ein demo i Decca sine studio, som Epstein betalte for. Seinare overtalte han George Martin om å lytte til opptaka, sidan Decca ikkje var interessert i å signere The Beatles. Epstein fekk så tilbod om kontrakt (etter Martin hadde møtt gruppa) hos EMI-avdelinga Parlophone, sjølv om dei tidlegare hadde fått avslag hos nesten alle andre britiske plateselskap.

Epstein døydde av ein uheldig narkotikaoverdose i heimen sin i London i august 1967. Epstein har fått æra for suksessen The Beatles oppnådde tidleg i karrieren ved måten han styrte bandet på og hans sans for stil. Paul McCartney sa om Epstein: «Om nokon var den femte Beatle, så var det Brian»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geller 1999 s. 49

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]