Brian Laudrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Laudrup i 2002

Brian Laudrup (fødd 22. februar 1969) er ein dansk, tidlegare fotballspelar, fødd i Wien. Han er son til Finn Laudrup og yngre bror til Michael Laudrup. Laudrup var med på Danmarks fotballandslag som i 1992 vann europameisterskapen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Laudrup debuterte i 1986 med Brøndby IF. Med klubben vart han danske seriemeister 1987 og 1988 og cupvinnar 1989. I 1989 flytta han til Tyskland og spelte ein sesong i bundesligaklubben Bayer Ürdingen. Sommaren 1990 gjekk han over til FC Bayern München, der han dei neste sesongane skåra 11 gongar på 53 seriekampar. Laudrup flytta i 1992 til den italienske førstedivisjonsklubben Fiorentina og eit år seinare til AC Milan, der han hadde lite suksess.

Før 1994/95-sesongen flytta han vidare til den skotske toppdivisjonsklubben Glasgow Rangers. Rangers vart seriemeister både 1995, 1996 og 1997, i 1996 vart klubben også cupvinnar.

Laudrup gjekk i 1998 til Chelsea FC i England, der han allereie første vinteren reiste til FC København. Grunna svake prestasjonar forlet han klubben straks før sesongslutt. Sesongen 1999-2000 spelte han for den ​​store nederlandske klubben Ajax Amsterdam. Ved sesongslutt la han opp grunna ein akillesskade som hadde plaga han ei tid.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Laudrup spelte 82 landskampar frå debuten i november 1987 til han spelte sin siste kamp i den landslagsstrøya, då Danmark i kvartfinalen under verdsmeisterskapen i fotball 1998 vart slått ut av Brasil med resultatet 2-3. I 1992 var han ein sentral spelar då Danmark vann 2-0 over Tyskland i EM-finalen i fotball 1992. Han skåra 21 landslagsmål.

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • Årets spelar i Danmark i 1989, 1992, 1995 og 1997
  • Årets spelar i Skottland i 1995 og 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]