Brian Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Wilson
Brian Wilson Jan 2007.jpg
Brian Wilson under ein konsert i 2007
Verkeleg namn Brian Douglas Wilson
Fødd 20. juni 1942 (72 år)
Inglewood i California
Instrument Bass, vokal, piano, synthesizer
Sjanger Surfrock, rock, barokkpop, psykedelisk pop
Aktive år 1961–til i dag
Yrke Låtskrivar, musikar, produsent, arrangør
Plateselskap Capitol, Brother, Reprise, Caribou
Nettside BrianWilson.com

Brian Douglas Wilson (fødd 20. juni 1942 i Inglewood i California) er ein amerikansk musikar som er best kjend som leiaren og den viktigaste låtskrivaren i the Beach Boys. I bandet spelte Wilson bass, tangentinstrument, og hadde delvis solovkal, men oftast korvokal i falsett i lag med resten av gruppa. Med i bandet var òg brørne Carl og Dennis

Wilson var den viktigaste låtskrivaren i the Beach Boys, og er særleg høgt respektert for å ha komponert og produsert albumet Pet Sounds i 1966 og songen «Good Vibrations» i 1967, ofte på eller nær toppen av lister der beste album og song gjennom tidene er kåra. Etter Pet Sounds sette han i gang med prosjektet som fekk namnet SMiLE. Dette var eit ambisøst prosjekt, men albumet kom aldri ut som eit Beach Boys-album. Først i 2004 vart albumet ferdigstilt og gjeve ut som eit soloalbum.

Ei av årsakene til at det tok så lang tid å få ferdig albumet var nervesamanbrotet hans midt på 1960-talet. Han vart dignostisert med ei form for bipolar liding, og var ikje heilt tilgjengeleg før ut på 1980-talet. Denne tilstanden vart forverra med han jobba med SMiLE, og han fekk etter kvart store vrangførestellingar om tekstane og musikken. Til slutt nekta han åg jere ferdig albumet og heldt seg fem år inne i sitt eige soverom. Seinare vart enkelte av songane omarbeidd og gjeve ut på andre album, som t.d. «Surf's Up» og «Cabinessence». Han arbeidde sporadisk med Beach Boys gjennom 70- og 80-talet, og i 1988 gav han ut det første soloalbumet sitt. Seinare har han gjeve ut fleire album, i tillegg til at han òg held konsertar - noko han tidlegare hadde slutta med alt i 1965 på grunn av sinnstilstanden sin.

Som eit ledd i rehabiliteringa etter samanbrotet, samarbeida Wilson med dr. Eugene Landy, ein kontroversiell psykolog som vart uglesett av dei andre Wilson-brørne og Mike Love. Love gjekk så langt som å saksøke Landy då han meinte at psykologen berre var ute etter pengar og berømmelse, og ikkje var kompetent nok til å hjelpe Wilson. Landy innrømde at han ikkje hadde verken utdanning eller kompetanse til å hjelpe Wilson, og trekte seg stille unna. unna.

Brian Wilson fekk sidan ein meir tilpassa behandling og har sidan 1988 vore langt betre.

Wilson var òg lenge produsent og arrangør for bandet. Fleire kjende musikarar og produsentar nevner Brian Wilson som ei viktig inspirasjonskjelde. I 1988 vart Wilson og bandkollegaene hans innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, som omtalar Wilson som «Ein av dei få ubestridte genia i popmusikken». I 2008 publiserte musikkmagasinet Rolling Stone ei liste over dei 100 største songarane gjennom tidene, der Wilson hamna på 52. plass.[1]

Han har òg stundom vore skodespelar og har medverka i TV-seriar, filmar og andre artistar sine musikkvideoar.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 100 Greatest Singers of All Time». 1060. Rolling Stone Magazine. November, 2008. pp. 52. http://www.rollingstone.com/news/coverstory/24161972/page/103. Henta 15. juli 2009.