Brick by Brick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brick by Brick
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve Juni 1990
Innspelt 15. februar til 23. mars 1990 Oceanway og Hollywood Sound
Sjanger Rock, hardrock, punkrock
Lengd 54:09
Selskap Virgin
Produsent Don Was
Kritikk
Iggy Pop-kronologi
Instinct
(1988)
Brick by Brick American Caesar
(1993)

Brick by Brick er eit musikkalbum frå juni 1990 av Iggy Pop. Etter å ha fått blanda kritikk for albuma sine gjennom heile 1980-åra, hyrte Pop inn Stooges-tilhengjaren Don Was som produsent, som seinare òg produserte Avenue B, og valte ein meir hardrock-stil. Mange av songane på albumet har eit tekstmessig tema som omhandlar faren for kulturelt forfall i USA.

Slash og Duff McKagan frå Guns N' Roses deltok begge på albumet som musikarar og låtskrivarar. Plateomslaget vart teikna av teikneserieteiknaren Charles Burns. Andre musikarar på albumet var Waddy Wachtel og Kenny Aronoff. Albumet var det første studioalbumet til Pop der han spelar gitar.

Albumet gav Pop nokre av dei sterkaste meldingane sidan samarbeida med David Bowie og «Candy», med the B-52's-vokalist Kate Pierson, vart den første hitten hans på MTV. Videoen vart mykje spelt på kanalen. Det vart òg laga videoar for «Home», «Butt Town» og «Livin' On the Edge of the Night».

Albumet nådde 90. plass på Billboard 200 og låg på lista i 45 veker. Songen «Livin' On the Edge of the Night» vart gjeven ut før resten av albumet på filmmusikkalbumet til filmen Black Rain med Michael Douglas og Andy García. Songen nådde 16. plass på Modern Rock Tracks. «Candy» nådde 30. plass på Mainstream Rock Tracks, 5. plass på Modern Rock Tracks og 28. plass på Billboard Hot 100. Den første singelen frå albumet, «Home», nådde 2. plass på Modern Rock Tracks.

Brick by Brick vart det første albumet til Igyy som selde til gullalbum i USA, meir enn 500 000 selde eksemplar. Etter albumet la Iggy ut på ein verdsturne. Konserten hans i 1991 i Paris vart filma og sidan gjeven ut på DVD. Fleire kjende tilhengjarar dukka opp på scenen med Iggy under turneen, som Johnny Depp.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Home»     4:00
2. «Main Street Eyes»     3:41
3. «I Won't Crap Out»     4:02
4. «Candy»     4:13
5. «Butt Town»     3:34
6. «The Undefeated»     5:05
7. «Moonlight Lady»     3:30
8. «Something Wild»   John Hiatt 4:01
9. «Neon Forest»     7:05
10. «Starry Night»     4:05
11. «Pussy Power»     2:47
12. «My Baby Wants to Rock and Roll»   Pop, Slash 4:46
13. «Brick by Brick»     3:30
14. «Livin' on the Edge of the Night»   Jay Rifkin 3:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brick by BrickAllmusic