Bridge over Troubled Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå songen Bridge over Troubled Water.
Bridge over Troubled Water
Studioalbum av Simon & Garfunkel
Utgjeve 26. januar 1970
Innspelt november 1968 og
november 1969
Sjanger Folkrock
Lengd 36:29
Selskap Columbia
Produsent Paul Simon,
Art Garfunkel,
Roy Halee
Kritikk
Simon & Garfunkel-kronologi
Bookends
(1968)
Bridge over Troubled Water Simon and Garfunkel's Greatest Hits
(1972)

Bridge over Troubled Water er det femte og siste studioalbumet til Simon & Garfunkel.[1] Det kom ut 26. januar 1970 og nådde førsteplassen i USA og mange stader i verda. Det vann Grammy-pris for «Årets album», samt «Beste lydteknikar», medan tittelsporet vann prisen for «årets singel» og «årets song» under utdelinga i 1971.[1] Det har sidan seld over 25 millionar eksemplar.[2] Berre om lag 30-35 album har seld meir enn dette.

Albumet var særleg suksessrikt i Storbritannia der det låg i lange periodar på førsteplassen, og låg over eit år på lista. Det vart til slutt det mestseljande albumet i landet både i 1970 og 1971.[1] I Noreg låg albumet heile 17 veker på førsteplassen, men ikkje kontinuerleg. Totalt låg albumet på VG-lista i 81 veker, meir enn eitt og eit halvt år. Berre sju album har lagt lengre på VG-lista enn dette.[3]

I 2003 vart det rangert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Bridge over Troubled Water»   4:52
2. «El Condor Pasa (If I Could)» (Daniel Alomía Robles, engelsk tekst av Paul Simon, arrangert av Jorge Milchberg) 3:06
3. «Cecilia»   2:55
4. «Keep the Customer Satisfied»   2:33
5. «So Long, Frank Lloyd Wright»   3:41
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Boxer»   5:08
7. «Baby Driver»   3:14
8. «The Only Living Boy in New York»   3:58
9. «Why Don't You Write Me»   2:45
10. «Bye Bye Love» (Felice og Boudleaux Bryant - konsertopptak) 2:55
11. «Song for the Asking»   1:49
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
12. «Feuilles-O» (tradisjonell - demo) 1:45
13. «Bridge over Troubled Water» (demo, opptak 6) 4:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Notes[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Bridge over Troubled Water - Simon & Garfunkel" (notes), Super Seventies RockSite!/Amazon.com, 2006, webpage: SPSimGarf.
  2. «Simon og Garfunkel heading to NZ». The New Zealand Herald. 2 april 2009. http://www.nzherald.co.nz/music/news/article.cfm?c_id=264&objectid=10564668. Henta 4. november 2010. 
  3. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Simon+%26+Garfunkel&titel=Bridge+Over+Troubled+Water&cat=a VG-lista

Kjelder[endre | endre wikiteksten]