Bridgwater Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bridgwater Bay nær munningen av elva Parrett

Bridgwater Bay er ei bukt i Bristolkanalen, 5 km nord for Bridgwater i Somerset i England ved munningen til elva Parrett. Ho består av store område med slamflater, marskland, sandflater og grusryggar. Nokre av ryggane er dekte med vegetasjon. Bukta har vore erklært ein stad av særleg vitskapleg interesse sidan 1989,[1] samt ein Ramsarstad og eit internasjonalt viktig våtmarksområde.[2]

I tillegg til elvane Parrett, Brue og Washford renn fleire kanalar ut i bukta, som Huntspill frå Somerset Levels.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «SSSI citation sheet» (PDF). Sites of Special Scientific Interest. English Nature. 
  2. «Bridgwater Bay NNR». National Nature Reserves. Natural England.