Brielse Meer

Koordinatar: 51°54′20″N 4°11′23″E / 51.90556°N 4.18972°E / 51.90556; 4.18972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brielse Meer er ein lang, smal innsjø i Nederland mellom estuarøyane Voorne og Rozenburg i provinsen Zuid-Holland.

Innsjøen har fått namn etter byen Den Briel, som ligg ved breidda. Han var tidlegare ei grein av elva Maas kalla Brielse Maas (Den Briel Maas), som rann frå Botleksundet nær Rotterdam og ut i Nordsjøen. Det første strekket, mellom Botlek og der elva tidlegare rann saman med Scheur var òg kjend som Nieuwe Maas.

Då Brielse Maas mudra til seint på 1800-talet vart skipskanalen Nieuwe Waterweg bygd (1872) og Scheur vart skild frå Brielse Maas av ei demning. Som ein føregjengar til Deltaprosjektet vart Brielse Maas lukka i begge endar i 1950 og vart Brielse Meer.

51°54′20″N 4°11′23″E / 51.90556°N 4.18972°E / 51.90556; 4.18972

Kjelder[endre | endre wikiteksten]