Brigde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit brigde tyder som oftast eit omskifte eller ei endring. Ordet skriv seg frå gamalnorsk brigdi, som og tyder omskifte eller brot. Ordet har vore nytta slik i ulike norske dialektar, og derifrå fann det vegen attende til nynorsk. Her kan det og tyde skilnader i målføre mellom dei ulike landsdelane (målbrigde).

Brigde er og eit verb, som tyder å skifte om på noko, eller endre på det. Ordet er etymologisk skyldt verbet å brette. I Telemark og Hallingdal kunne ordet og tyde å drepa eller slakte ("dog sjælden og som forældet". Aasen). Ivar Aasen fann ordet mange stader i Noreg, og nyttar døme frå Hardanger, Nordhordland, Sogn, Sunnmøre, Telemark og Hallingdal.

I Slåtteteori er brigde nytta om overgangar mellom ulike vek der vekavgrensinga ikkje er tydeleg.

Kjelde: Ivar Aasen: Norsk ordbok.