Brigitte Oertli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brigitte Oertli


Statsborgarskap Sveits
Fødd 10. juni 1962 (61 år)
Egg i Sveits
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1984, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's downhill, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's combined

Brigitte Oertli (fødd 10. juni 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Egg i kantonen Zürich. Ho vann to OL-sølv i 1988 og ein VM-bronse året etterpå. Både i 1985 og 1988 kom ho på andreplass i verdscupen i alpint.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Oertli meisterskapsdebuterte internasjonal under VM i alpint 1985 i Bormio. Der kom ho femteplass i slalåmtevlinga og åttandeplass i utforløypa. Ho deltok også i VM i alpint 1987 i Crans-Montana, og vart nummer 10 i super-G og nr 11 i storslalåm.

Under vinter-OL 1988 i Calgary tok Oertli sølv i utfor, bak den suverene vinnaren Marina Kiehl frå Vest-Tyskland. Ho gjentok bragda i kombinasjonen, då bakom Anita Wachter. Under VM i alpint 1989 i Vail i Colorado fekk ho bronse i kombinasjonsøvinga, etter Tamara McKinney og landsmannen Vreni Schneider.

Gjennom si tid som aktiv vann Oertli ni verdenscuprenn, sju av dei i den alpine kombinasjonen. Ho vann kombinasjonsdelen i verdscupen heile fire sesongar (1985, 1987-89). Ho gjekk første gongen til topps i verdscupen 9. desember 1984, den siste sigeren kom 10. desember 1989. Flest sigrar oppnådde ho i 1988-sesongen, då ho også vann sin einaste siger i slalåm og sin einaste i utfor.

To gongar kom Oertli på andreplass i verdscupen i alpint for kvinner, høvesvis 1985 og 1988. I 1985 var ho med på ein sveitsisk storeslem, Michela Figini vann då verdscupen i alpint føre Oertli, 259 poeng mot 218, med Maria Walliser på tredjeplass. I tillegg kom Erika Hess på ein delt fjerdeplass.

Oertli la opp i 1990.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
9. desember 1984 Davos Sveits Kombinasjon
11. januar 1985 Bad Kleinkirchheim Austerrike Kombinasjon
11. januar 1987 Mellau Austerrike Kombinasjon
13. desember 1987 Leukerbad Sveits Kombinasjon
18. januar 1988 Saas-Fee Sveits Slalåm
24. januar 1988 Bad Gastein Austerrike Kombinasjon
5. mars 1988 Aspen US-Amerika Utfor
15. januar 1989 Grindelwald Sveits Kombinasjon
10. desember 1989 Steamboat Springs USA Kombinasjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]