Briksdalsbreen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Briksdalsbreen | |
|---|---|
|
|
|
| Type | Dalbre |
| Stad | Briksdalen i Stryn |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 10,4 km² |
| Lengd | 2,2 km |
| Høgaste punkt | 1910 moh |
| Lågaste punkt | 346 moh |
| Endepunkt | Briksdalen |
Briksdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Briksdalsbreen ligg på nordsida av Jostedalsbreen, i Briksdalen, inst i Oldedalen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Briksdalsbreen endar i det vesle Briksdalsbrevatnet (346 moh). Breen er ein av dei lettast tilgjengelege i landet og derfor ein av dei mest vitja.
Brefronten har trekt seg kraftig tilbake dei seinaste åra. I 1996–97 låg brefronten ved utløpet av Briksdalsbrevatnet. I 2004 låg brefronten 230 meter bak utløpet av Briksdalsbrevatnet.
NVE har sidan 1900 føretatt frontmålingar av Briksdalsbreen.