Bring It On Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bring It On Home
Singel av Sonny Boy Williamson II
frå albumet The Real Folk Blues
B-side «Down Child»
Utgjeve 1966
Innspelt 11. januar 1963 i Chess Studios i Chicago i Illinois[1]
Sjanger Blues
Lengd 2:35
Selskap Checker
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[1]
Sonny Boy Williamson II-kronologi
«My Younger Days»
(1964)
Bring It On Home

«Bring It On Home» er ein song skriven av Willie Dixon. Den første kjende innspelinga av songen er med Sonny Boy Williamson II i 1963. Songen vart seinare spelt inn av Led Zeppelin i 1969, som førte til søksmål fordi bandet ikkje hadde tilskrive Willie Dixon som låtskrivar på versjonen sin.

Sonny Boy Williamson II-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sonny Boy Williamson II si utgåve av songen vart spelt inn 11. januar 1963 i Chicago i Illinois. I tillegg til Sonny Boy på vokal og munnspel spelar Johnny «Guitar» Watsongitar, Milton Rector på bass, Al Duncan på trommer, og anten Lafayette Leake eller Billy Emersonorgel.[1]

Sonny Boy-versjonen vart først gjeven ut tre år etter innspelinga, tidleg i1 966, på albumet The Real Folk Blues og sidan på singel.

Led Zeppelin-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Bring It On Home
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt 1969
Atlantic Studios, New York
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock
Lengd 4:21
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant, Willie Dixon
Produsent Jimmy Page

I 1969 spelte det engelske rockbandet Led Zeppelin inn ein versjon for albumet Led Zeppelin II. Byrjinga og slutten var medvitne hyllestar til Sonny Boy Williamson-songar, medan resten av songen var ein original Jimmy Page/Robert Plant-song,[2]. Dixon vart derimot ikkje tilskriven for teksten til songen. I 1972 saksøkte Arc Music, eit selskap under Chess Records, Led Zeppelin for brot på opphavsretten.

I eit intervju han gav i 1977 kommenterte Page:

« Saka med «Bring It On Home», herregud, det var berre ein liten bit me tok frå Sonny Boy Williamson-versjonen og me nytta det som ein hyllest til han. Folk seier, «Åh, 'Bring It On Home' er stolen.». Vel det er berre ein liten bit av songen som er knytt til noko før det, berre slutten.[3]  »

Munnspelet til Plant vart spelt inn i Vancouver. Bandet drog på turne med masterteipane til Led Zeppelin II og stoppa no og då i studio for å spele inn songane.

Led Zeppelin spela ofte songen på konsertane sine, først som ekstranummer på den britiske turneen deira i 1970. Dei synte ofte eit skarpt samspel mellom Jimmy Page på gitar, John Bonham på trommer og John Paul Jones på bass. Dette kan ein sjå på Led Zeppelin DVD, på ei framføring frå Royal Albert Hall i 1970. Ein annan versjon frå 1972 finst på How the West Was Won, der songen er oppførst som ein medley med «Bring It On Home» tilskriven Dixon, og den mindre delen kalla «Bring It On Back», tilskriven Bonham/Jones/Page/Plant.

Frå 1973 vart songen droppa frå konsertane til bandet, men den midtre delen vart spela som introduksjon til «Black Dog» på den amerikanske turneen til bandet i 1973, som ein kan sjå i filmen The Song Remains the Same.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 (1992) Plateomslagstekst for Chess Blues 1947-1967 avvarious artists [CD liner]. United States: MCA Records/Chess (CHD4-9340).
  2. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]