Bringing It All Back Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bringing It All Back Home
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 22. mars 1965
Innspelt Columbia Recording Studios i New York City 13.-15. januar 1965
Sjanger Folkrock, garagerock, folk, blues
Lengd 47:23
Selskap Columbia
Produsent Tom Wilson
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Another Side of Bob Dylan
(1964)
Bringing It All Back Home Highway 61 Revisited
(1965)

Bringing It All Back Home er det femte studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i mars 1965 på Columbia Records.

Albmet er delt inn i ei elektrik og ei akustisk side. På side ein av den opphavlege LPen spelte Dylan elektrisk rock and roll i lag med eit fullt band, noko som fjerna han frå sine tidlegare likemenn i visesongrørsla. På same måte på den akustiske sida distanserte han seg frå protestsongane han hadde vore tett assosisert med tidlegare (som «Blowin' in the Wind» og «A Hard Rain's a-Gonna Fall») og tekstane hans vart meir abstrakte og personlege.

Albumet nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard-lista og var det første Dylan-albumet som nådde Topp 10 i heimlandet. Albumet gjekk til topps i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «Subterranean Homesick Blues» var den første singelen hans som gjekk inn på lista i USA og nådde 39. plass.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Dylan heldt seg mykje i Woodstock sommaren 1964, ein liten by nord i staten New York. Manageren til Dylan, Albert Grossman, hadde eit hus her og då Joan Baez kom for å vitje Dylan i august dette året, budde dei huset til Grossman.

Baez hugsar at Dylan stort sett sat føre skrivemaskinen og skreiv og skreiv. Han hadde alt ein song klar for det nye albumet, «Mr. Tambourine Man» vart skriven i februar 1964, men kom ikkje med på Another Side of Bob Dylan. Ein annan song, «Gates of Eden», var òg skriven tidlegare på året. Minst to songar vart skriven denne månaden i Woodstock, «If You Gotta Go, Go Now» og «It's Alright Ma (I'm Only Bleeding)».

På denne tida vart Dylan stadig meir interessert i surrealisme. Prosaen hans vart òg meir stilistisk, og minna ofte om medvitsstraumskriving.

Dylan kom tilbake til New York og den 28. august møtte han The Beatles for første gong på hotellet deira (der Dylan visstnok introduserte dei for marijuana), eit møte som førte til ei radikal endring i låtskrivinga til Beatles, som etter dette vart meir sjølvgranskande. Dylan hadde alltid eit godt forhold til the Beatles.

Dylan og produsenten Tom Wilson starta like etter å eksperimentere med si eiga blanding av rock og folkemusikk. Dei prøvde først å legge eit elektrisk akkompagnement til Dylan si akustiske utgåve av «House of the Rising Sun». Resultatet vart ikkje særleg bra og det heile vart skrinlagd. Dylan vendte seg så til eit anna folkrockeksperiment som John Hammond hadde gjort. Han var ein gammal ven og faren, John Hammond, var personen som fekk Dylan til Columbia. Hammond planla eit elektrisk album rundt bluessongar som utgjorde dei akustiske konsertane hans på denne tida. For å få dette til fekk han med seg tre medlemmer av eit kanadisk pub-band han hadde møtt i 1963: gitaristen Robbie Robertson, trommeslagaren Levon Helm og organisten Garth Hudson (medlemmer av The Hawks, som seinare skifta namn til The Band). Dylan var særs entusiastisk i forhold til dette albumet, So Many Roads.

Då Dylan og Wilson starta arbeidet på det neste albumet let dei sitt eige elektriske eksperiment ligge. Den første innspelinga, den 13. januar 1965 i Columbia Studio A i New York, vart spelt inn solo, med Dylan på piano eller akustisk gitar. Ti songar og fleire songutkast vart spelt inn, men nesten alle vart vraka. Ingen av desse innspelingane vart nytta for albumet, men tre av dei vart gjeven ut seinare: «I'll Keep It With Mine» på Biograph og «Farewell Angelina» og ei akustisk utgåve av «Subterranean Homesick Blues» på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Andre songar og songutkast frå denne innspelinga var: «Love Minus Zero/No Limit», «It's All Over Now, Baby Blue», «Bob Dylan's 115th Dream», «She Belongs To Me», «Sitting On A Barbed-Wire Fence», «On The Road Again», «If You Gotta Go, Go Now», «You Don't Have To Do That» og «Outlaw Blues». Alle desse var originale songar.

Dylan og Wilson gjekk i Studio A igjen dagen etter, denne gongen med eit fullt, elektrisk band. Gitaristane Al Gorgoni, Kenneth Rankin og Bruce Langhorne vart tekne inn, samt pianisten Paul Griffin, bassistane Joseph Macho, Jr. og William E. Lee og trommeslagaren Bobby Gregg. Dei spelte på åtte songar denne dagen. I følgje Langhorne øvde dei ikkje, «me berre gjorde det på sparket, det var utruleg intuitivt og likevel suksessfullt.». Dei brukte eit par forsøk på kvar song og etter 3,5 time på ettermiddagen hadde dei spelt inn «Love Minus Zero/No Limit», «Subterranean Homesick Blues», «Outlaw Blues», «She Belongs To Me» og «Bob Dylan's 115th Dream» som alle vart valt ut for det endelege albumet.

Etter ein middagspause gjekk visstnok Dylan i studio igjen med andre musikarar, mellom andre John Hammond, Jr. og John Sebastian (berre Langhorne var att frå tidlegare på dagen). Dei spelte inn seks songar, men resultatet vart ikkje så bra og opptaka vart vraka.

Dagen etter vart den siste innspelingsdagen. Dylan nytta seg av dei same studiomusikarane som dei første opptaka frå dagen før, bortsett frå pianisten Paul Griffin, som ikkje kunne kome og vart erstatta av Frank Owens. Daniel Kramer fortel «musikarane var entusiastiske. Dei diskuterte med kvarandre og løyste problema etter kvart som dei oppstod. Dylan hoppa rundt frå mann til mann og forklarte korleis han ville ha det, ofte viste han dei på piano kva han trong. Det var som eit svært puslespel, bitane kom saman og heile bilete steig fram. Dei fleste av songane gjekk greit å spele inn og dei trong berre tre-fire forsøk. Stundom høyrdest det første opptaket heilt annleis ut enn det siste, fordi dei spelte i forskjellig tempo, eller kanskje dei spelte ein annan akkord, eller soloane vart arrangert forskjellig. Arbeidsmetoden hans, at han var så bevisst på kva han ønskte, gjorde at det heile flytta seg framover.»

Innspelinga starta med «Maggie's Farm», og dei trong berre eit forsøk. Dei andre songane var «On The Road Again», «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)», «Gates Of Eden», «Mr. Tambourine Man», og «It's All Over Now, Baby Blue», som alle vart sett til side for albumet. Songen «If You Gotta Go, Go Now» vart òg vald ut, men kom ikkje med på albumet til slutt. I staden for vart han gjeven ut som singel i Europa, men ikkje i USA eller Storbritannia.

Sjølv om Dylan kunne ha spelt inn elektriske utgåver av alle songane som finst på det endelege albumet, ville han tydelegvis ikkje at heile albumet skulle vere elektrisk.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Bringing It All Back Home kom ut same dag som Dylan heldt siste konsert på ein felles turne med Joan Baez. På dette tidspunktet hadde Dylan vorte langt meir populær og kjend enn Baez og musikken hans hadde utvikla seg frå den tidlegare visesjangeren i ei heilt unik retning. Det var siste gong dei spelte i lag på denne måten fram til 1975. Tidspunktet var passande sidan Bringing It All Back Home markerte ein ny æra for Dylan.

Bringing It All Back Home er eit av dei mest kritikarroste albuma til Dylan og har vorte kalla eit av dei største albuma i rockehistoria. I 1979 skreiv kritikar Dave Marsh i Rolling Stone Record Guide: «Ved å blande Chuck Berry-rytmen til the Rolling Stones og the Beatles med venstrevridd, visesong, førte Dylan det verkeleg heim, og skapte ein slags ny rock and roll [...] som gjorde alle former for kunstnarisk tradisjon open for rock.» Clinton Heylin skreiv seinare at Bringing It All Back Home kanskje var det viktigaste albumet i denne perioden. I 2003 vart det rangert på 31. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Før året var omme hadde Dylan spelt inn og gjeve ut albumet Highway 61 Revisited, som tok den nye lyriske og musikalske retninga enno lenger.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Subterranean Homesick Blues»   2:21
2. «She Belongs to Me»   2:47
3. «Maggie's Farm»   3:54
4. «Love Minus Zero/No Limit»   2:51
5. «Outlaw Blues»   3:05
6. «On the Road Again»   2:35
7. «Bob Dylan's 115th Dream»   6:30
Side to
# Tittel Lengd
8. «Mr. Tambourine Man»   5:30
9. «Gates of Eden»   5:40
10. «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)»   7:29
11. «It's All Over Now, Baby Blue»   4:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]