Brijuni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brioni)
Brijuni
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°55′N 13°46′E

Tal på øyar 12
Store øyar Veli Brijun

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Istria

Brijuni eller Brioni er ei gruppe av tolv små øyar i Adriahavet, som høyrer til Kroatia. På andre sida av Fažanasundet ligg halvøya Istria på vestkysten av Kroatia. Den største øya, Veli Brijun (5,6 km²), ligg 2 km utanfor kysten. Øyane er kjend for å vere svært naturskjønne og er ein feriestad og ein nasjonalpark i Kroatia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brijuni hadde fleire romerske busetnadar i antikken, men opp til seint på 1800-talet vart øyane stort sett nytta for steinbrota sine, som hadde vore i drift i fleire hundreår. Øyane høyrte til Venezia frå mellomalderen, og stein frå øyane vart brukt til å byggje palass og bruer i byen. Øyane vart ein del av Napoleon sine Illyriske provinsar.

I 1815 vart øyane ein del av Kongedømet Austerrike, som seinare vart Austerrike-Ungarn. Under denne perioden forsynte steinbrota på øyane stein til Wien og Berlin. Då det vart oppretta ein marinebase i hamna i Pula, førte austerrikarane opp ei solid festning på øya Brioni, i lag med mindre festningar på nokre av dei andre øyane.

Den austerriksk-ungarske marinen drog bort frå festninga, og i 1893 kjøpte den wienske forretningsmagnaten Paul Kupelwieser heile halvøya og oppretta ein eksklusiv feriestad. Det vart bygd hotell av første klasse, restaurantar, strender, eit kasino, ein marina og området vart den fremste feriestaden langs den austerrikske rivieraen. Kupelwieser oppretta og ein seglregatta, ein golfbane og fleire musikk- og litteraturhendingar. Øyane vart ein populær feriestad for den øvre klassen i Wien, og vart vitja av fleire i kongefamilien, den rike europeiske eliten og aristokratar.

I 1918, etter den første verdskrigen, vart Brioni ein del av Italia. Karl Kupelwiser, son av grunnleggjaren, prøvde å oppretthalde feriestaden, men etter den økonomiske krisa på 1920-talet, gjekk han konkurs og tok sjølvmord. I 1930 tok den italienske staten over drifta av øyane.

I 1945, etter den andre verdskrigen, vart Brijuni ein del av Jugoslavia, og kommunistleiaren Josip Broz Tito, gjorde øyane om til sin personlege sommarresidens. Den slovenske arkitekten Jože Plečnik teikna ein paviljong for Tito. Nesten 100 utanlandske statsleiarar vitja Tito på øyane hans, i tillegg til filmstjerner som Elizabeth Taylor, Richard Burton, Sophia Loren, Carlo Ponti og Gina Lollobrigida. Tito døydde i 1980, og i 1983 vart øyane erklært ein nasjonalpark av Jugoslavia.

I 1991 fekk Kroatia sjølvstende, og gjorde øyane om til eit internasjonalt konferansesenter. Fire hotell på Veli Brijun vart opna på nytt, i tillegg til ein safaripark, som inneheld dyr som vart gjeve til Tito. Den internasjonale poloturneringa, som går tilbake til Karl Kupelwieser si tid i 1924, vart gjenoppretta i 2004.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]