Brioude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brioude
Horisonten til Brioude
Horisonten til Brioude
Byvåpenet til Brioude
Byvåpenet til Brioude
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne-Rhône-Alpes
Haute-Loire
Geografi
Flatevidd 13,52 km²
Flatevidd
 - By

13,52 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

6 820
  504/km²
Koordinatar 45°18′″N 03°23′″EKoordinatar: 45°18′″N 03°23′″E
Høgd over havet 434 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 43100
Heimeside: http://www.brioude.fr/

Brioude (oksitansk Briude) er ein by og kommune sør i sentrale delar av Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Haute-Loire i Auvergne-Rhône-Alpes. Kommunen har om lag 7 000 innbyggjarar, og ligg ved breidda av elva Allier, ei av sideelvane til Loire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Martyrane Julien og Ferréol døydde i Briuode på 300-talet og vart vernehelgenar for byen. Keisar Avitus, som døydde i 456, vart gravlagd ved heilagdomen til Julien.

Brioude vart omleira og erobra av gotarar i 532, seinare burgundarar, sarcenarar i 732 og til slutt normannarar. Som karolingisk by vart Brioude forholdsvis viktig. Vilhelm I av Aquitaine prega mynta her, og då Louis V av Frankrike gifta seg med Adelaide av Anjou der i 980 vart dei krona som konge og dronning av Aquitaine. Adelaide var mykje yngre enn kongen og flykta til Arles i 982. Festdagen for St. Julien vart så populær på 1000-talet at ein måtte byggje herberge for å ta seg av dei sjuke og trengande. [1] I 1181 måtte vikomten av Polignac, som hadde plyndra byen to år tidlegare, gjere ein offentleg unnskulding føre kyrkja, og oppretta ei gruppe på 25 riddarar som skulle forsvare leivningane av St. Julien. På 1300-talet var byen hovudkvarter for Bérenger, herre av Castelnau, som leia ein bande av militære eventyrarar som så herja rundt i Frankrike. Riddarane av St. Julian hadde tittelen grevar av Brioude, og lenge motsette dei seg dei borgarlege fridomane til innbyggjarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C. Lauranson-Rosaz, ''L'Auvergne et ses marges de VIIIe au XI siècles (Le-Puy-en-Velay) 1987, s 279.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]