Brisingamen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Blommér: Frøya får smykket tilbake av Heimdall, 1846.

Brisingamen (Brísingamen), brisingasmykket eller halsringen til dvergane, var det underbare smykket Frøya bar i norrøn gudelære.

Fire dvergar smidde smykket, og Frøya fekk det etter at ho tilbrakte ei natt med kvar av dei. Anna betaling ville ikkje dvergane ha. Dei fire smedane blir kalla brisingane, og Berling var namnet på ein av dei. Alfrigg, Dvalin og Grerr kan ha vore namnet på dei andre.

Smykket blir omtalt i to andre samanhengar i dei norrøne forteljingane. I Trymskvida går det i tusen bitar når æsene føreslår at Frøya skal gifta seg med jotna Trym, og ho reagerer med sinne. Seinare låner Tor smykket når han kler seg ut som henne og dreg til Trym sjølv.

I ei forteljing stel Loke smykket, og Heimdall hjelper gudinna med leitinga. Då han finn Loke gjer dei to gudane seg om til selar som kjemper om smykket. Til slutt går Heimdall av med sigeren og gjev smykket tilbake til Frøya.

Smykket er òg nemnd som Brosingamen i det angelsaksiske dikteposet Beowulf, der det blir sagt at Hama (truleg guden Heimdall) tok det tilbake til «den skinande borga», truleg Valhall. I diktet blir Brosingamen likna med eit kostbart smykke som dronninga av Danmark gjev til helten Beowulf som takk for at han drep monsteret Grendel. Beowulf gjev det vidare til dronninga si, Hygd, etter at han kjem tilbake til Götaland.

Frå Trymskvida:

Reið varð þa Freyia
oc fnasaþi,
allr ása salr
vndir bifðiz,
sta/cc þat iþ micla
men Brisinga
Mic veiztv verþa
vergiarnasta,
ef ec ek meþ þer
i iotvnheima.
Vreid vart då Frøya
så ho frøste,
og åsa-salen
all han bivra.
Ned spratt bjarte
brisinga-menet.
"Manngal dei meg
meiner vera,
om eg ek med deg
til Jotunheimen." [1]