Briskeby gressbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°47′44.196″N 11°5′32.539″E

Briskeby Stadion
Briskeby gressbane2.JPG
Kallenamn Brisken
Adresse Arenavegen 2
2321 Hamar
Eigar Hamar Sportsanlegg
Drift Hamar Sportsanlegg
Brukarar Hamarkameratene (fotball)
Underlag Kunstgass
Kapasitet 10200
Tilskodarrekord 14 500
Pris 225 millionar
Historiske årstal
Påbegynt
1930
Opna
1936
Stengt

Briskeby Stadion er heimebana til fotballaget Hamarkameratene frå Hamar. Dagens tilskodarkapasitet er på ca 7800 tilskodarar, då det nye stadionet berre er halvferdig. Rekorden frå 1938 er på 14 500 tilskodarar. Banen mæler 106,5 x 67 meter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Planane for fotballbane på Briskeby vart sett i gang i 1930, men den første grasbanen til krinsen stod ikkje klar før i 1936. Grunnen til at det vart gressbane, og ikkje stadion i namnet, var at Hamar Idrettslag brukte Hamar stadion, og arbeidarklassemedlemmane i dåverande Ham-Kam ville ikkje samanlikne seg med det som vart oppfatta som eit lag for borgarklassen.

I opningskampen 28. juni 1936 møtte Lyn eit forsterka Briskeby Fotballag, og vann 4–1. President i Noregs Fotballforbund, Reidar Dahl, stod for opninga.

I 1938 vart NM-finalen spelt på Briskeby mellom Fredrikstad og Mjøndalen. Fredrikstad vann 3-2, og det vart sett tilskodarrekord med 14 500 tilskodarar på ein bane som vanlegvis tok 1 200.

Tilskodarrekorden for ein Han-Kam-kamp er 11 500 mot Lillestrøm 27. mai 1976.

Briskeby gressbane og den nye vestre sittetribunen med klubblokale.
Foto: Cato Edvardsen (2009)
Klubbhuset med VIP-tribune.
Foto: Thomas Andersen

I 1984 vart det bygd tribune med 2300 sitteplassar på Briskeby. Han-Kam tok opp eit lån på to millionar kroner som førde til økonomiske problem for klubben dei neste ti åra, blant anna på grunn av renteoppgang. I 1994 redda Hamar kommune klubben frå konkurs ved å kjøpe heile anlegget.

Arenaen[endre | endre wikiteksten]

Briskeby gressbane har éin tribune med 2 300 sitteplassar langs den eine langsida, og to tribunar med ståplassar på den andre. Disse ståtribunane ligg på kvar sida si av inngangen frå Fredvang allé. Klubbhuset til Han-Kam ligg langs han eine kortsiden, i Arenavegen. I klubbhuset er det òg VIP-tribune. På den andre kortsiden er det ein liten ståtribune.

Ny arena[endre | endre wikiteksten]

Ham-Kam spila i 2004- og 2005-sesongane med ein dispensasjon frå Noregs Fotballforbund som tillét dei å spele på Briskeby, i påvente av at ein ny fotballarena skulle byggjast. Kommunalt åtte Hamar Sportsanlegg AS, som har ansvaret for dei kommunale idrettsanlegga, ville først leggje eit ny stadion på Tjuvholmen ved Mjøsa, men kommunen sa raskt nei til dette. I staden gjekk ein inn for å oppgradere og byggje ut den noverande Briskeby.

Tre forslag vart sendt ut til høring. Det minste forslaget hadde plass til ca 8 000 sete, medan det største hadde plass til ca 10 200 sete. Særleg velforeininga i området motsette seg eit nytt stadion, blant anna på grunn av auken i trafikk som dette vil medføre, og at fleire av husa rundt dagens Briskeby ville måtte rivast.

Formannskapet i Hamar kommune gjekk 21. desember 2005 inn for alternativ to (A2a), med plass til 10 200 tilskodarar. Denne avgjersla vart oppretthalde av kommunestyret 1. februar året etter, med 25 mot 14 røyster for det mest omfattande forslaget, og dermed var det klart for bygging av nytt stadion. Første byggetrinn er planlagt å stå klårt føre 2008-sesongen. Heile prosjektet har ein anteke kostnadsramme på ca 225 millionar kronar. 29. juni 2007 vart det klårt at NCC Construction AS skal byggje den nye Briskeby Gressbane.

På grunn av dårleg økonomisk styring gjekk prosjektet tomt for pengar før det kunne fullførast. Éi ny langside og éit ny kortside vart bygd før arbeidet vart stansa. Den gamle langsida med sitteplassar er enno operativ. Briskeby har dermed sitteplassar rundt tre av sidene, medan den siste kortsiden enno ikkje har tribunefasilitetar. Prosjektet har i ettertid fått mykje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Briskeby gressbane