Britannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av Britannia i Plymouth.

Britannia er ein kvinnefigur som vert nytta som personifikasjon av Storbritannia. Ho blir ofte framstilt med ein romersk hjelm, trefork og eit skjold med det britiske flagget på.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Britannia på ein romersk as-mynt laga under Antoninus Pius i 154/5.

Britannia var eit latinsk namn på Dei britiske øyane, og Romersk Britannia var ein romersk provins mellom 44 og 410 som på sitt største omfatta størsteparten av dagens England og Wales. Kvinnefiguren «Britannia» dukka snart opp som eit symbol på landområdet, i ei utforming ikkje ulik den til krigsgudinna Minerva. I desse romerske framstillingane er ho typisk framstilt som ei vakker ung kvinne iført ein kvitt drakt med høgre bryst synleg og centurionhjelm på hovudet. Ho sit ofte på ein stein med eit spyd i handa, med eit skjold ved sida av.

Namnet Britannia blei brukt også etter at romarane forlét øya Storbritannia. Det blei også brukt om Armoricahalvøya, eller Bretagne («Vesle» Britannia), etter at britar slo seg ned der. Det engelske namnet på Bretagne er «Brittany».

Bestemor Britannia med amerikanske Uncle Sam og småbarnet Canada frå 1870, tre år etter at landet var blitt til.

Under Elisabet I og renessansen blei Britannia utvikla som eit personifisert nasjonalsymbol. Under Charles II blei Britannia igjen nytta på myntar, først på ein farthing frå 1672. Etter Acts of Union 1707, som slo Skottland saman med England og Wales, fekk omgrepet ny tyding som symbol for éin nasjon.

Britannia er blitt framstilt i statuar og måleri, og etterkvart også på vitseteikningar som eit symbol for Storbritannia.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Britannia kan også vera:

  • Ei fiktiv verd i dataspelserien Ultima
  • Ei sølvliknande legering
  • Ein serie britiske gullmyntar send ut frå 1987 med nominell verdi på 100, 50, 25 og 10 pund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Britannia