Britisk Somaliland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skissering av området som var Britisk Somaliland.
Flagget til Britisk Somaliland.

Britisk Somaliland var eit britisk protektorat i den nordlege delen av Afrikas horn. Seinare blei det ein del av Somalia og i dag området (den ikkje anerkjente) republikken Somaliland.

Egypt dominerte området i 1870-åra, men trekte seg ut i 1884, og då oppretta britane eit protektorat. Under andre verdskrigen blei Britisk Somaliland okkupert av Italia i august 1940, men blei gjenerobra av britane i mars 1941.

Protektoratet fekk sjølvstende som Staten Somaliland 26. juni 1960, men berre nokre dagar seinare gjekk det saman med Italiensk Somaliland og danna ein ny somalisk republikk, (Somalia) 1. juli 1960.

Etter at Somalias sentralregjering braut saman i 1991, erklærte det tidlegare området Britisk Somaliland seg uavhengig i mai 1991, som republikken Somaliland.