Britisk kolonisering av Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storbritannia i Amerika

Den britisk koloniseringa av Amerika starta seint på 1500-talet og nådde ein topp då koloniar var oppretta over heile Amerika og eit protektorat vart danna over Kongedømet Hawaii i Stillehavet. Britane var ei av dei viktigaste kolonimaktene i Amerika og det amerikanske imperiet deira var ein stor rival til dei spanske koloniane både militært og økonomisk.

Denne britiske erobringa hadde dramatisk innverknad på dei innfødde sivilisasjonane i Amerika både direkte gjennom britisk militærmakt og indirekte gjennom kulturelt samanbrot og innførte sjukdomar. Sjølv om dei innfødde samfunna hadde utvikla krigargrupper og ei lang historie med krigføring, klarte dei ikkje å stå imot dei teknologisk overlegne britiske styrkane og vart til slutt slått. Mange av dei erobra folkeslaga forsvann eller vart innlemma i kolonisystemet.

Etter den amerikanske sjølvstendekrigen fekk dei britiske territoria i Amerika ei meir ansvarleg regjering før dei gradvis fekk sjølvstyre på 1900-talet. På denne måten fekk to land i Nord-Amerika, ti i Karibia og eitt i Sør-Amerika sjølvstyre frå Storbritannia. I dag har Storbritannia framleis åtte oversjøiske område i Amerika, som har forskjellig grad av sjølvstyre. I tillegg er ni tidlegare britiske område i Amerika, som i dag er sjølvstendige, Samveldeland.

Det fanst tre kolonitypar i Det britiske imperiet i Amerika på høgda av makta deira på på 1700-talet. Desse var konsesjonskoloni (charter colony), proprietærkoloni (proprietary colony) og kongeleg koloni (royal colony).

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Engelske koloniar i Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Plakett i St. John's i Newfoundland, til minne om Gilbert som grunnla det britiske oversjøiske riket

Fleire engelske koloniar vart grunnlagd under eit system med ein sjølvstendig proprietærguvernørar, som vart utpeikt under handelskonsesjonar til engelske aksjeselskap for å grunnleggje og styre busetnader. Det mest kjende av desse selskapa var Virginia Company, som opprette den første suksessrike engelske busetnaden Jamestown (og den andre på Bermuda).

England tok òg over dei nederlandske koloniane i Ny-Nederland (inkludert Ny-Amsterdam) som vart omdøypt til Province of New York i 1664. Ned Ny-Nederland tok engelskmennene òg over kontrollen over det tidlegare Ny-Sverige (i dag Delaware), som nederlendarane tidlegare hadde erobra. Dette vart seinare ein del av Pennsylvania då dette vart oppretta i 1680.

Skotske koloniar i Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Skottland gjorde òg nokre mislukka forsøk på å etablere koloniar i Darién, og den kortvarige skotske koloniseringa av Nova Scotia (Ny-Skottland) frå 1629 til 1632. Tusenvis av skottar deltok òg i den engelske koloniseringa sjølf før dei to landa vart slått saman i 1707.

Britiske koloniar i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Storbritannia klarte å ta dei franske koloniane i Acadia i 1713 og så Canada, samt dei spanske koloniane i Florida i 1763. Etter å ha fått namnet Provinsen Quebec, vart det tidlegare Franske Canada delt inn i to provinsar, Canadas, som busette område i Nedre Canada (i dag Quebec) og det nye busette Øvre Canada (i dag Ontario).

I nord dreiv Hudson's Bay Company aktiv pelshandel med urinnbyggjarane, og hadde konkurrert med franske pelshandelsmenn. Selskapet kom til å kontrollere heile nedslagsfeltet til Hudson Bay, kalla Rupert's Land. Den vesle delen av nedslagsfeltet til Hudson Bay som ligg sør for 49 ºN gjekk til USA i den engelske-amerikanske avtalen i 1818.

Tretten av koloniane til Storbritannia gjorde opprør med den amerikanske sjølvstendekrigen som starta i 1775, hovudsakleg på grunn av representasjon, lokale lover og strid om skatt. Dette var oppstarten på USA, som vart internasjonalt anerkjend som ein stat med Paris-traktaten i 1783.

Storbritannia koloniserte òg vestkysten av Nord-Amerika, indirekte via lisensane til Hudson's Bay Company vest for Rocky Mountains, Columbia og New Caledonia pelsdistrikt. Desse vart samla kravd som Oregon Country av USA frå 1818 fram til den 49. breiddegraden vart oppretta som landegrense vest for Rocky Mountains med Oregon-traktaten frå 1846. Koloniane på Vancouver Island, grunnlagt 1849, og Kolonien British Columbia, grunnlagd i 1858, vart slått saman i 1866 som Kronkolonien British Columbia før dei vart med i Sambandet i 1871. British Columbia vart utvida med Stikine Territory i 1863, og vart slått saman med Sambandet i lag med Peace River Block, tidlegare ein del av Rupert's Land.

I 1867 vart koloniane New Brunswick, Nova Scotia, og Province of Canada (den sørlege delen av dagens Ontario og Quebec) i lag med eit sjølvstyrt landområde kalla Canada, innanfor Det britiske imperiet. Quebec (inkludert dei sørlege områda av dagens Ontario) og Nova Scotia (inkludert det som i dag er New Brunswick og Prince Edward Island) hadde vorte avstått til britane av franskmennene. Koloniane Prince Edward Island og British Columbia kom med dei neste seks åra, og Newfoundland kom med i 1949. Rupert's Land og Nordvestterritoria vart avstått til Canada i 1870. Dette området består i dag av provinsane Manitoba (kom med etter forhandlingar mellom Canada og ei mellombels Métis-regjering i 1870), Saskatchewan og Alberta (begge oppretta i 1905), samt Nordvestterritoria, Yukon (oppretta i 1898, etter starten på gullrushet i Klondike), og Nunavut (oppretta i 1999).

Engelske og britiske koloniar i Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Dei britiske koloniane i Nord-Amerika, 1763-1775

Britiske område i Nord-Amerika som ikkje var koloniar[endre | endre wikiteksten]

  • Rupert's Land, området til Hudson's Bay Company, danna i 1670
  • Columbia District, handelsdistriktet til Columbia-avdelinga til Hudson's Bay Company frå 1821 til Oregon-traktaten i 1846, då det meste av Columbia District vart formelt annektert av USA.
  • Ny-Caledonia, pelsdistrikt. Først busett i 1805, styrt av Hudson's Bay Company frå 1821 fram til det vart innlemma i Kolonien British Columbia i 1858.
  • Stikine-territoriumet, oppretta i 1862 etter gullrushet i Stikine for å hindre at amerikanarane tok det.
  • Nordvestterritoria, eit handelsområde for Hudson's Bay Company nord og nordvest for Rupert's Land og etter 1863, nord for den opphavlege grensa til Stikine-territoriumet ved 62. breiddegrad. Restane vart innlemma i Yukon etter at området sør for 60 ºN vart slått saman med British Columbia.
  • Nova Albion, aldri innlemma eller busett, og den eksakte plasseringa er ukjend. Det vart gjort krav på av Sir Francis Drake.
  • Dei søraustlege områda av Alaska Panhandle vart leigd av Det russiske imperiet, frå 1839 til 1867, fram til leigeavtalen vart ignorert av både russarane og amerikanarane, og etter kvart av både kanadiske og britiske styresmakter, trass i protestar frå British Columbia.

Britiske koloniar i Karibia[endre | endre wikiteksten]

  • Saint Kitts - Øya vart kolonisert av Sir Thomas Warner i 1623. Året etter slo franskmenn seg òg ned på delar av St Kitts. Etter dei massakrerte karibane, vende britane og franskmennene seg mot kvarandre og St Kitts skifta eigarar fleire gonger før ho etter Paris-traktaten i 1783 vart gjeven til Storbritannia. Ho vart ein del av det sjølvstendige Saint Kitts og Nevis i 1983.
  • Barbados - Øya vart kolonisert i 1625. Fekk sjølvstende i 1966.
  • Nevis - Øya vart permanent kolonisert i 1628. Ho vart ein del av det sjølvstendige Saint Kitts og Nevis i 1983.
  • Providence Island - ein del av øygruppa utanfor kysten av Nicaragua. Øya vart kolonisert i 1630 av engelske puritanar. Kolonien av erobra av Spania og vart lagt aude i 1641. Øya heiter i dag Providencia og er ein del av Colombia. Providence Island var systerkoloni med den meir kjende Massachusetts Bay Colony.
  • Antigua - Øya vart kolonisert i 1632. Ho fekk sjølvstende som ein del av Antigua og Barbuda i 1981
  • Barbuda - Øya vart kolonisert i 1632. Ho fekk sjølvstende som ein del av Antigua og Barbuda i 1981.
  • Montserrat - Øya vart kolonisert i 1632. Ho vart okkupert av franskmennene i 1664-68 og 1782-84. Ho er framleis britisk område.
  • Bahamas - Øya vart kolonisert i 1647. Øya fekk sjølvstende i 1971.
  • Anguilla - Øya vart kolonisert i 1650. Styret av øya vart slått saman med St. Christopher frå 1882 til 1967, då dei vart fråskilde igjen. Ho vart ført tilbake til britisk styre i 1969, og er framleis britisk territorium.
  • Jamaica - Øya vart erobra frå Spania i 1655. Ho fekk sjølvstende 1962.
  • Dei britiske Jomfruøyane - Øyane vart kolonisert frå 1666. Dei er framleis britisk territorium.
  • Caymanøyane - Øyane vart overteke frå Spania i 1670. Dei er framleis britisk territorium.
  • Turks- og Caicosøyane Øyane vart først permanent koloniserte i 1750-åra. Dei er framleis britisk territorium.
  • Dominica - Øya vart erobra frå franskmennene i 1761. Franskmennene okkuperte ho igjen frå 1778 til 1783. Dominica fekk sjølvstende i 1978.
  • Trinidad og Tobago - Øya Tobago vart erobra i 1762. Øya Trinidad vart erobra frå spanjolane i 1797. Dei to vart slått saman under felles styre i 1888 og fekk sjølvstende i 1962.
  • Saint Vincent og Grenadinane - Saint Vincent vart kolonisert i 1762. Frankrike erobra ho i 1779, men ho kom tilbake til Storbritannia i 1783. Øyane vart formelt ein del av den britiske kolonien British Windward Islands frå 1871 til 1958. Nasjonen fekk fullt sjølvstende i 1979.
  • Grenada - Øya vart erobra frå Frankrike i 1762. Franskmennene okkuperte ho frå 1779 til 1783. Ho fekk sjølvstende i 1974.
  • Saint Lucia - Øya vart erobra frå Frankrike i 1778, men kom tilbake til dei i 1783. I 1796 og i 1803 vart ho erobra igjen og vart permanent annektert av Storbritannia i 1814. St Lucia fekk sjølvstende i 1979.

Britiske koloniar i Mellom- og Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

  • Belize. Engelskmennene kom hit i 1638 der dei henta blåtre, eit tre som vart nytta til å farge ull. Spania gjorde krav på området, men dei hadde ikkje kolonisert området eller fått kontroll over dei innfødde. Spanjolane øydela den britiske kolonien i 1717, 1730, 1754 og 1779. Det siste spanske åtaket kom i 1798, men vart slått tilbake. Kolonien var kjend som 'Britisk Honduras' fram til 1973, då namnet vart endra til 'Belize'. Sjølv om kravet til Guatemala over Belize forseinka sjølvstendeprosessen, fekk dei fullt sjølvstende i 1981.[6]
  • Mosquitokysten (Den karibiske kysten i Nicaragua) - Dette området vart først kolonisert i 1630. Det vart ei kort stund gjeve til Honduras i 1859 i lag med Bay Islands nord for landet, før det vart avstått til Nicaragua i 1860. Området var omstridd fram til ein avtale i 1965 delte Mosquitokysten mellom dei to landa.
  • Britisk Guiana - Engelskmennene starta koloniseringa av Guiana tidleg på 1600-talet. I Breda-traktaten fekk Nederland kontroll over desse koloniane. Storbritannia hadde seinare kontroll over forskjellige koloniar i området. Wienerkongressen i 1815 gav Storbritannia Berbice, Demerara og Essequibo. Dei vart slått saman til Britisk Guiana i 1831. Området fekk sjølvstende som Guyana i 1966.
  • Falklandsøyane - Den første britiske basen her i 1765 vart forlatt i 1776. Øyane har vore under britisk kontroll sidan det argentinske styret her vart drive bort. Argentina okkuperte øyane ei kort stund under Falklandskrigen i 1982.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Vaughan and New Cambriol: Newfoundland and Labrador Heritage
  2. Nicholas Canny, The Oxford History of the British Empire: Volume I: The Origins of Empire: British Overseas Enterprise to the Close of the Seventeenth Century , 2001, ISBN 0-19-924676-9.
  3. The Early Settlement of St. John's, [1], 1998, Newfoundland and Labrador Heritage Web Site Project, Memorial University of Newfoundland
  4. Paul O'Neill, The Oldest City: The Story of St. John's, Newfoundland, 2003, ISBN 0-9730271-2-6.
  5. Colony of Avalon, [2], Colony of Avalon Foundation
  6. «The Belize Position». Government of Belize. http://www.belize-guatemala.gov.bz/belize_position.html.