Britta Bilač

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britta Bilač
Statsborgarskap Slovenia, Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 4. desember 1968 (55 år)
Saalfeld/Saale
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Årets idrettsutøver i Slovenia

Britta Bilač, fødd Britta Vörös (fødd 4. desember 1968), er ein tysk-slovensk tidlegare høgdehoppar fødd i Saalfeld i Thüringen i dåverande Aust-Tyskland. Ho vart europameister i høgdehopp i 1994 med personleg rekord på to meter jamnt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Britta Vörös vann i 1990 høgdehopptevlinga i den siste innandørsmeisterskapen i DDR med eit hopp på 1,91 m. Same våren kom ho med 1,94 m på andreplass i innandørs-EM i Glasgow, einast den dåverande landskvinna, Heike Henkel, hoppa betre.

I november 1991 gifta Vörös seg med den slovenske lengdehopparen Borut Bilač. Frå sesongen etter representerte ho Slovenia. Etter at Britta Bilač enda på 15. plass ved dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992 sigra ho året etter i høgdetevlinga ved Mellomhavsleikane, medan ho enda på ellevteplass under verdsmeisterskapen i Stuttgart.

Ved europameisterskapen 1994 i Helsinki sette Bilač ny personleg rekord då ho svinga seg over 2,00 meter og vann ein klar siger. For den prestasjonen vart ho kåra til årets idrettsutøvar i Slovenia. Våren 1995 fekk ho sølvmedaljen under innandørs-EM 1995 i Barcelona, bakom Alina Astafei, men framom Heike Henkel. Sidan vart Bilač nummer ni under Sommar-OL i 1996 og nummer sju ved VM 1997.

Bilač var slovensk meister i høgdehopp i 1992, 1993 og 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]